Støtte ved kreft

Treng du eller familien din råd og støtte i samband med kreft? Kreftkoordinator er eit tilbod for personar, familiar og pårørande som er ramma av kreft.

Kva hjelp kan du få?

Kreftkoordinator kan hjelpa deg med:

  • Samtalar og støtte – heime, på kontoret, på telefon eller på biblioteket
  • Råd og rettleiing om diagnose, behandling, rehabilitering og lindrande omsorg
  • Hjelp til å finne aktivitetar, kurs og andre tilbod
  • Oppfølging og koordinering av tenester
  • Sikre at alle får eit likeverdig tilbod og god kvalitet i kreftomsorga

Tilgjengeleg på biblioteket tysdagar kl. 13.00–15.00

Dersom du opplever svikt i oppfølginga frå kommunen, kan du ta direkte kontakt med kreftkoordinatoren.

Gruppetilbod 2025

Gruppetilbod i samarbeid med Kreftforeininga. Du finn informasjon om tidspunkt på lenkjene under.
Gruppetilbod 2025 Kreftkoordinator
TilbodFor kven?
TemakaféKreftpasientar og pårørande
TreffpunktBorn og unge
Ung PårørandePårørande i alderen 15-35 år

Ta kontakt

Meir informasjon