TryggEst - eit vaksenvern

Er du utsett for vald/overgrep, eller uroa for andre?

Ta kontakt på telefon 476 78 465 (mån-fre kl. 09-15)
Akutt krise: ta kontakt med politiet 112

Kva er TryggEst?

TryggEst er eit lågterskeltilbod som skal bidra til å forhindra, avdekka og handtera vald og overgrep mot vaksne. TryggEst-teamet består av erfarne personar med rett kompetanse til å handtere alle situasjonar der vald og/eller overgrep er involvert.

Kven kan ta kontakt?

Du kan kontakte TryggEst-teamet både om du er bekymra for ein person, eller om du sjølv er utsett for vald eller overgrep. Du treng ikkje vera sikker på at det du eller andre har opplevd er ulovleg for å melda frå. Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt. 

Det er viktig at du tek kontakt, slik at du eller andre kan få hjelp.

Kva skjer når du ringer TryggEst Voss?

Ein person med kompetanse til å handtere slike situasjonar tek saka di vidare til ei arbeidsgruppe som vil jobba vidare med situasjonen. Arbeidsgruppa hjelper til ut i frå kva du eller personen som opplev vald/overgrep treng.

Last ned brosjyre om TryggEst her (PDF, 9 MB)

 

Kva er vald og overgrep?