Bygdeutviklingsfond for Granvin

Midlane frå Bygdeutviklingsfondet skal nyttast til trivsels- og bygdeutviklingstiltak som gagnar tidlegare Granvin herad. Ein kan no søkja om midlar frå fondet til prosjekt og tiltak i Granvin. Søknadsfrist er 26. oktober 2025.

Tiltak det kan søkjast om:

  • Investeringar, tiltak og prosjekt med varig verdi som kjem mange i lokalsamfunnet til gode.
  • Prosjekt som bidreg til og skaper engasjement og inspirerer til dugnadsvilje.
  • Prosjekt som bidreg til å realisera idear og utløyser gode krefter lokalt.
  • Tiltak som er eigna til å auka trivselen og gjera lokalsamfunnet meir attraktivt å bu i.
  • I særlege høve kan det verta gjeve tilskot til næringsføremål.
     

Søknadsfrist: 26. oktober 2025

Send søknaden til: postmottak@voss.herad.no 


Les her om kva opplysningar du må ha med i søknaden: 

Søknadskriterium til Bygdeutvikingsfondet (PDF, 220 kB)
 

Vedtektene for Bygdeutviklingsfond for Granvin vart vedteke i Voss heradsstyre 10. juni 2021 i sak 36/21:

Vedtekter for Bygdeutviklingsfond for Granvin (PDF, 207 kB)

 

Thor Morten Trå