Arrangementstilskot i høve Friluftslivets år 2025.

Gladmelding 7.april 2025! Vossadagane gjev oss 10 000 kr i høve arrangementstilskot til Friluftslivets år 2025. Dette betyr at me har opna opp for fleire søknader.  Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om inntil 5000 kr per arrangement. Fyrstemann til mølla prinsippet gjeld framleis! 

 

For å synleggjere alle dei gode aktivitetane ynskjer me at de legg aktivitetane inn i aktivitetskalenderen Friskus

Målsetjinga for Friluftslivets år 2025 er å få fleire folk ut i naturen og oppleva gleda av det enkle friluftslivet i eige nærmiljø.  

Under Friluftslivets år er det ekstra merksemd på å invitera og inkludera born og unge, vaksne og eldre som ynskjer å vera meir aktive i naturen,  men som kanskje ikkje kjenner til friluftslivet.

Voss herad har fått tildelt stimuleringsmidlar av Bergen og Omland Friluftsråd.  Me ynskjer høg aktivitet og flest mogleg lågterskel friluftsarrangement i heradet gjennom året. 

Korleis søkje midlar? 
For å søkje tilskot må arrangementet vera:
-  ope og gratis for alle å delta på
-  miljøvenleg og basert på frivilligheit

Tilskotet kan nyttast til arrangementskostnadar som enkel mat og/eller drikke til deltakarar, til dømes: gratis varm saft og/eller pinnebrød til alle,  utstyr som deltakarar kan nytte seg av,  transport. 

  • Lag og organisasjonar som søkjer tilskot må ha eige organisasjonsummer.
  • Arrangementet må ha ein kontaktperson med kontaktinformasjon.
  • Arrangementet må leggjast inn i Friskus  og i aktivitetskalendaren til Friluftslivets år 2025 
     

De må gjerne lage arrangement fleire organisasjonar ilag. Då kan det vere lettare å skape meir aktivitet og fleire frivillige til å hjelpe til med å arrangere.  Hugs at Skattekammeret hjå Kirkens Bymisjon Voss har mykje utstyr dei låner ut gratis.

Me oppmodar spesielt om at de inviterer folk som kanskje treng ein ekstra invitasjon til å delta på aktivitetar saman med andre.  
 
Søknad på e-post
Skriv ein enkel kort søknad på inntil 5000 kr  på e-post til; guro.ovsthus@voss.herad.no  
Søknaden må inkludere kort kva type arrangement det er,  saman med eit lite budsjett.  De kan søkje om fleire arrangement i same e-post.  Arrangementa må vera gjennomført innan 31.12.2025. 

Søknad om tilskot vert vurdert og tildelt løpande.

Spørsmål?
Kontakt Guro Øvsthus; guro.ovsthus@voss.herad.no 





 

Artikkelliste