Motorferdsel i utmark

Du må søkja kommunen om å få nytta motorkøyretøy i utmark.

Løyve

Alle som ynskjer å nytta motorkøyretøy, inklusiv snøscooter, i utmark, må ha løyve frå kommunen. I tillegg må ein ha løyve frå grunneigar, dersom ein ikkje sjølv eig grunnen ein skal køyra på.  Løyvet frå grunneigar skal liggja ved søknaden.

Unnateke frå kravet om kommunalt løyve er køyring som er direkte heimla i § 4 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, og i § 2 og § 3 i forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag.

Slik søkjer du

Søknadsskjema for motorferdsel i utmark

 

Klage

Klagerett i fylgje lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10.06.1977 § 6, og forvaltningslova sine reglar, kan vedtaket påklagast innan 3 veker etter at klagaren er gjort kjend med vedtaket.
Klage skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast via rådmannen i Voss. 

Regelverk