Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Natur og miljø

Natur og miljø

Voss herad har store naturressursar og ynskjer å forvalta desse til beste for framtidige generasjonar.

Natur, vassdrag og friluftsliv

Dei siste tiåra har område med inngrepsfri natur vorte kraftig redusert i kommunen. Det er ei viktig oppgåve å ta vare på dei viktigaste inngrepsfrie områda for framtida. Fleire område er statleg verna, m.a. landskapsvernområda i Stølsheimen og Nærøyfjorden. Nærøyfjorden er og ein del av verdsarvområdet « Vestnorsk Fjordlandskap»

Vossavassdraget oppstraums Vangsvatnet, er varig verna mot kraftutbygging. Den lakse førande delen av vassdraget har status som nasjonalt laksevassdrag, i hovudsak pga. den storvokste og trua laksestamma.
Laksen vart freda i 1992. Det er igangsett ein storstila redningsaksjon for å berga laksestamma, men det er framleis usikkert når det kan opnast for ordinert fiske.

Det er tilrettelagt ei rekkje friluftsområde i heradet, desse er opne for alle.

Biologisk mangfald er variasjonsbreidda av artar, gener og dei ulike naturtypane artane er avhengige av. Voss herad har utarbeidd viltkart, og ulike naturtypar og artar er kartlagt. Det er kommunale handlingsplanar for viltforvaltning og for forvaltning av innlandsfiske ressursane. I 2016 vart det vedteken ein interkommunal plan for Fjellheimen villreinområde.

 

Miljøvern

Det er ei viktig oppgåve å ta vare på dei viktigaste inngrepsfrie områda for framtida. Fleire område i kommunen er statleg verna, i tillegg er deler av Myrkdalsdeltaet og våtmarksområda i Lundarosen og Melsvatnet regulert som spesialområde” våtmark” etter plan- og bygningslova.

Klimautslepp - global menneskeskapt oppvarming, "drivhuseffekten", er idag den største miljøutfordringa verda står framfor. Gjennom Kyoto-avtalen har Noreg forplikta seg til å følgje opp ved å redusera utslepp av drivhusgassane. Dei konkrete tiltaka må skje i lokalsamfunna. På Voss kjem dei markert største utsleppa frå biltrafikk.  I "Energi- og klimaplan ( 2018-2021)" er m.a. skisserert ei rekkje tiltak for å redusere dei lokale klimautsleppa. Kommunen har saman med Naturvernforbundet og Natur og Ungdom og laga eit klimahefte som gjev råd om kva kvar og ein av oss kan gjera for å redusera klimautsleppa. Heftet er send til alle husstandane i kommunen.

Ureining av luft, jordsmonn og vatn kan medføra alvorlege miljøproblem. På Voss har målingar vist at luftkvaliteten i sentrumsområdet på vinterstid kan vera på nivå med sterkt trafikkerte gater i storbyane. Utslepp frå vegtransport og vedfyring er hovudårsakene. Kommunen har vedteke eiga forskrift om brenning av avfall.

 

Avfall på avvegar er eit veksande miljøproblem. Voss kommune har sidan 1990-talet rydda over 200 ulovleg avfallsplassar i kommunen og vedteke ei eiga forskrift om handtering av bygg og anleggsavfall. Indre Hordaland miljøverk (IHM) har i dag ansvaret for handsaming av forbruksavfallet i kommunen. 

Vossavassdraget er ein god resipient og har i hovudsak god vasskvalitet. Ein del mindre elver og bekkar er framleis ureina, i hovudsak p.g.a. tilførsel av næringsalt frå landbruket.

Støy er definert som "uønskt lyd". Over ein million nordmenn er plaga av støy. Vegtrafikk er truleg den alvorlegaste støykjelda i kommunen.
 

Det er oppretta ein kommunal miljøvernpris, fyrste gong utdelt i 1989. Alle kan koma med forslag på kandidatar til prisen.

Informasjon og regelverk

Miljøinformasjonslova

 
 

 

Kontakt

Gunnar Bergo
Plan- og miljøvernsjef
E-post
Telefon 992 07 112