Viltforvaltning

Ved skada vilt skal du kontakta politiet. Råkar du på eit dyr som er synleg sjukt, skadd eller hjelpelaust, skal du hjelpa det så langt råd er.

 

Viltpåkjørsle

Voss herad har hovudansvaret for å ta seg av påkjørt vilt.

Ved påkjørsle av storvilt er det lovpålagt å melda hendinga til politiet. Hugs å merka staden for påkøyrsle tydeleg, slik at ettersøksekvipasjen får eit godt utgangspunkt for ettersøket av det skada dyret. Daudt vilt som utgjer ein risiko for forureining vert handsama av Teknisk, driftsavdelinga på Bryn .

Ved skada vilt skal ein ta kontakt med politiet på tlf 02800.

Avliving av skabbrev og andre skadedyr

Råkar du på eit dyr som er synleg sjukt, skadd eller hjelpelaust, skal du hjelpa så langt råd er. Om det er klart at dyret ikkje kan leva eller verta godt att, kan den som treff dyret, ta livet av det med det same, såframt det trengst for å spara dyret for meir liding.

Lov om dyrevelferd