Ynskjer du å vera frivillig?
Å vera frivillig er ein flott måte å vera med i eit fellesskap, få nye vener, læra nye ting og bidra til noko meningsfullt. Det er mykje forskjellig ein kan bidra med som frivillig. Ynskjer du informasjon om dei ulike organisasjonane sitt arbeid og kva du kan bidra med som frivillig? Sjekk ut lenkene under.
Ynskjer du å engasjere deg i, eller finna fritidsaktivitetar for vaksne, barn og unge. I voss.friskus.com finn du oversikt med kontaktinformasjon over det frivillige lagslivet i heradet.
Sist endra 27.10.2025 14.33

Voss Frivilligsentral
Voss Røde Kors
Kirkens Bymisjon
Voss Utferdslag
Voss kyrkjekontor
Slik blir du frivillig
Ta direkte kontakt med Voss Frivilligsentral eller ein av dei andre organisasjonane over.
Du kan og gå inn på www.frivillig.no, søk på Voss herad og sjå gjennom moglegheitene som finnast. Når du finn noko du vil engasjera deg i og som kan passa for deg, går du inn på oppdraget og fyller ut skjema nedst. Skjema krev kun at du fyller ut namn, e-post og eventuelt telefonnummer. Etter ei lita stund vil organisasajonen ta kontakt med deg og avtale eit møte. Treng du hjelp, ta kontakt med frivilligkoordinator i kommunen.
Lykke til!