Den kulturelle spaserstokken (DKSS)

Den kulturelle spaserstokken skal sørgja for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre. DKSS skal leggja til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgssektoren, slik at det kan utviklast gode kunst- og kulturprosjekt lokalt. 

Tilbodet skal vera innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk og medverka til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der dei held til i dagleglivet.

 

 

Det er søknadsfrist til ordninga 1. november kvart år.

Desse kan søkja:

  • Profesjonelle kunst -og kulturutøvarar i Voss herad kan søka om å vera ein del av spaserstokken sitt program
  • Arrangørar/lag og organisasjonar i Voss herad som arrangerer kulturtilbod til eldre

 

Medlemer i programrådet er Anna-Louise Røthe Lekve og Ragnhild Lidal (eldrerådet), Liv Jorunn Solstad (Helse og omsorg) og Trude Storheim (Kultur og fritid).

Søknadsskjema til Den kulturelle spaserstokken finn du her