Voss bygdeboknemnd

Voss Bygdeboknemnd er ei kommunal nemnd vald av Voss heradsstyre.

Vossaboka

Bygdeboknemnda held fram arbeidet med den nye gards- og ættesoga, og samlar no inn personopplysningar om folk som bur eller har budd i områda som skal med i bd. V: Ytste delen av Raundalen, Mønshaugen og Bjørgum – gardsnummer 141 til ca. 176. Til dette er me avhengige av hjelp frå dykk! I desse dagar deler med ut spørjeskjema til dei som bur i desse områda. Me håpar at innbyggjarane vil gi oss informasjon om seg sjølv, familien sin, formødrene og forfedrane sine, slik at folk – både når boka kjem ut og hundre år fram i tid eller endå lenger fram - skal kunne finna informasjon om kven vossingane anno 2025 var.

Om du har informasjon om deg sjølv eller slekta di frå desse områda, som du vil dela med oss – anten du har fått utdelt spørjeskjema eller ikkje – kan du fylla ut det digitale skjemaet her: Voss bygdebok - skjema til innlevering

Om du føretrekkjer å levera inn skjema på papir, kan du lasta det ned og skriva det ut her: Voss bygdebok- utskrift av skjema til innlevering (PDF, 706 kB). Du kan òg kontakta redaktøren direkte på e-post på oystein.h.brekke@voss.herad.no

 

Bakgrunn

Lars Kindem skreiv Vossaboki i fire band 1933–38. Det Kindem skriv om gardane i desse bøkene er godt, medan det diverre er mange hol i ættelistene. Han følgjer ikkje opp alle ungane i ein familie, som regel nøyer han seg med han eller ho som tek over gardsdrifta. Det står heller lite om husmenn, slik at mange som leiter etter si eiga familiehistorie i desse bøkene fort køyrer seg fast.

Det er dette holet me no ynskjer å tetta. Me vil laga ei fullverdig ættebok for gamle Voss kommune, med ættelister som går fram til i dag, og samstundes oppdatera gardssoga.

 

Vossaboka i dag

I august 2015 starta me prosjektet med Åsmund Ohnstad som redaktør. Øystein Hellesøe Brekke tok over som redaktør i august 2025. Fram til i dag er det gjeve ut 4 band, i 2018, 2019, 2021 og 2023.  Bøkene fylgjer gardsnummera i gamle Voss herad, slik grensene var ved samanslåinga i 1964. Det vil seia at Evanger, Vossestrand og Granvin ikkje er med i dette prosjektet. Band I byrjar med gnr 1 Kolle i Vestbygdi, og band IV sluttar med Skiple gnr 140 i Raundalen.  Gardsnummer tyder ikkje at me berre skriv om gardsbruk.  Alle gardsnummer med underliggjande bruksnummer er med så sant folk er, eller har vore, busette der.  Hytteeigedommar er ikkje med.

Me reknar  med å koma rundt heile bygda med 7 band.  Siste garden er Skylje med gardsnummer 254.  Då står det att eitt gardsnummer, og det er Vangen.  Vangen og byggjefelta rundt, vert eit eige prosjekt.

Ein kan seia at bøkene inneheld tre hovudtypar av informasjon: Det er den gamle ætteboka i revidert form, det er gardssoge for store og små gardar og det er ættelister fram til boka går i trykken.

Band V er planlagt å koma i sal i 2026.

For dei som ikkje har Kindem sine bøker:  Vossaboki I-IV, så er desse å finna på Voss bibliotek og i digitalisert form hjå Nasjonalbiblioteket:

Fyrste bandet: Vossavangen

Andre bandet: Dyrvedals, Gullfjordungs og Borstrands åttungar 

Tridje bandet: Vinjar og Bøjar åttungar 

Fjorde bandet: Kvitlar, Bordals og Vikjar åttungar

 

Bygdeboknemnda

Voss bygdeboknemnd vart oppretta i 1962, og har sidan gjeve ut fleire bygdebøker. Roald Lyngvær skreiv Ættebok for Vossestrand i 1971, og seinare kom Gardssoge for Vossestrand – Vinje sokn (skrive av Torstein Hellesnes, 1972), og Gardssoge for Vossestrand – Oppheim sokn (skrive av Hellesnes og Johannes Gjerdåker, 1980). Gjerdåker skreiv saman med Lars Schjærven Gards- og ættesoge for Evanger i to band, 1982 og 1984. Johannes Gjerdåker skreiv òg Ålmenn soge for Voss frå 1800 til vår tidsom kom ut i to band i 1990 og 1991. I 2013 kom ei oppdatert Ættebok for Vossestrand 2, skrive av Åsmund Ohnstad, som dekte tida frå 1900 fram til i dag.

Nemnda har òg vore med å gje ut årboka Gamalt frå Voss, saman med Voss sogelag og Voss folkemuseum.

 

Bøkene er til sals hjå Libris Voss bokhandel, Norli Vossevangen og i innbyggjarservice på Tinghuset.

Bokliste med prisar frå Voss bygdeboknemnd (PDF, 138 kB)

 

Medlemer i Voss Bygdeboknemnd

Voss Bygdeboknemnd
NamnMedlem/vara
Audhild RyggMedlem / leiar
Knut FarestveitMedlem
Gunnar Hemre RingheimMedlem / nestleiar
Kari Mørkve JordalenMedlem
Trygve DugstadMedlem
Sidsel VindsandVara
Jan Erik ThonVara
Ørjan MyrmelVara
Ann karin AtteråsVara
Jorunn GjøsteinVara

Kontakt

Øystein Hellesøe Brekke
Bygdebokredaktør
E-post
Telefon 90 06 42 90