Velkommen til Voss kulturskule

Me tilbyr undervisning i:

  • Ca. 20 song- og instrumentaldisiplinar
  • Biletkunst
  • Dans
  • Drama/teater
  • Musikktilbod for barn/unge med særskilde behov
  • Skapande skriving
  • Dirigentopplæring
  • Fordjupingsprogram

 

Kulturskolen on Vimeo                                             

Kulturskolen (arabisk) on Vimeo                                              

 

Elevplassar skuleåret 25/26:   574

 

Brorparten  av undervisninga og administrasjonen held til i Voss kulturhus. Me har også noko undervisning på Granvin, Evanger skule skule og på Vossestrand.

Skulen sel også dirigent-og instruktørtenester til kor/korps/orkester.

Voss kommune har distriktsmusikarordning som er knytta til kulturskulen. Samarbeidspartar er mellom anna Orkesteret Fossegrimen, Hordaland fylkeskommune og Den kulturelle skulesekken.

 

Prisar 2026

Prisane her er for heile skuleåret. Ein får då faktura på halve dette beløpet to gonger i året , ein for hausten og ein for våren.

Einskildelev 4273.-

Gruppeundervisning 2355.-

Dans 3151.-

Biletkunst 3760.-

Materialpenger biletkunst  722.-

Instrumentleige 576.- (Ein er sjølv erstatningsansvarleg ved eventuell skade på instrumentet)

Prisane vert sett av heradstyret, og oppdatert ved starten av kvart kalenderår.

Gebyrlista til Voss herad finn du her 

Elevbetalinga vert krevd inn etterskotsvis, haust og vår. Faktura vert sendt til den føresette som gjer bestillinga.

Utmelding:  Ein betaler full semesteravgift det semesteret ein melder seg ut, og utmelding er kun gyldig når den er sendt på e-post til rektor: oddvar.nostdal@voss.herad.no 

Frå 01.01.2026 vert det innført 25% søskenmoderasjon i kulturskulen. Kulturskulen har ikkje plassmoderasjon.

Det er mogeleg å søkje om friplass, dette kan du velga under søknadsprosessen. 

For skuleåret 2025/2026 er det 10 friplassar.

 

Er du tidlegare elev som skal melda deg på vidare, nyttar du knappen "Re-registrering", her på sida.

Om du er ny elev , melder du deg på under “Fagtilbod”