Gitar

Akustisk gitar

Kulturskulen tilbyr individuell undervisning på akustisk gitar. 

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 8 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Gitar er eit av kulturskulen sine mest populære instrument.Den er opphaveleg eit spansk strengeinstrument av tre. Gitaren er sett saman av ei lydkasse med hol, ein stol der strengane er festa og ein hals med band. Klassiske gitarar har nylonstrengar, men det er i dag òg vanleg med stålstrengsgitarar.

Elektrisk og akustisk gitar

Lær å spela rock, blues - eller det du måtte ynskja.

Kjernetilbod

Innanfor dei 3 første åra skal eleven kunna spela med god tonekvalitet og flyt, og helst utanat eit variert utvalg av melodiar.

Eleven skal kunna forstå og øva inn nytt stoff frå ulike skriftlege kjelder (tabulatur, alfanotasjon*, vanleg notasjon).

Eleven skal kunna tileigna seg ein hensiktsmessig fingersetning, både melodisk og for å spela akkordar.

Eleven  skal gjevast innsikt  i musikologi knytta til aktuelt undervisningsstoff, forutan oppbyggjing av akkordar (dur, moll, med og utan septim), samt trenast i rytme og gehør.

Eleven skal kunna anvenda dei aller vanlegaste dur og moll-grep.

Eleven skal kunna stemma instrumentet sitt ved hjelp av gehør, bruk av tuner o.l.

*alfanotasjon: Melodiar skrivne med tonenavn (ABCDEFG) i staden for notetegn og notelinjer.

Etter 3 år skal eleven vera i stand til å finna fram til kvar på gripebrettet ein finn dei enkelte tonane og vita eller rekna seg fram til navnet på desse.

Litt vidarekomne elevar får innføring i fingerspel i høgre hand, rytmisk og melodisk improvisasjon, transponering og alternative fingersetningar. 

Dessutan meir avanserte grep og barrégrep (flyttbare grep utan lause strengar).

Me brukar også lyttetrening for å kunna læra låtar frå lydkjelder (Spotify, Youtube m.m.) i tillegg til

komponering.

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

På venteliste:
44

Lærarar