Akkordeon

Akkordeon.

Kulturskulen tilbyr enkeltundervisning på akkordeon.

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 6 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Akkordeon/trekkspel er eit gamalt instrument med røter frå både Italia og Russland. Instrumentet fins i ulike variantar, med knappar i svensk eller norsk system, tangentar, med melodi - og/eller standardbass. Instrumentet fins i barnestorleik og eignar seg difor godt til å byrja med frå skulealder eller tidlegare. Instrumentet vert kanskje forbunde med såkalla «gamaldans», men vert i dag nytta til alt frå klassisk musikk til pop, jazz, tango og nyskriven musikk.

Overordna mål for eleven

Få gode ferdigheiter på instrumentet sitt

Oppleva meistringsglede

Utvikla seg til å verta ein sjølvstendig utøvar som har glede av musikk gjennom heile livet

Utvikla evna til samspel og samarbeid

Få høve til fordjupning som kan danna grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning

Verta ein ressursperson som bidreg til eit levande kulturliv

Fase 1

Få gode øvingsrutinar

Herma enkle melodiar og rytmar på gehør

Finna grunnpulsen i musikken

Lesa notar og/eller enkel besifring

Enkel musikkteori og musikkhistorie

Læra god spelestilling og tekniske basisferdigheiter

Delta på konsert

Fase 2

Øver regelmessig

Vidareutvikla gehør med herming av treklangar, skalaer og rytmar

Lytta aktivt til eige spel og medelevar i samspel

Nytta musikkteori og bakgrunnshistorikk

Delta på konsertar

Fase 3

Planlegga øving saman med lærar

Bruka opptak av eige spel som øvingsmetode og eigenutvikling

Spela utanat

Få kunnskap om spenningar og feilbelastningar

Opparbeida eit allsidig repertoar

Fase 4

Høge krav til øving

Langsiktig plan for øving

Nytta ulike innstuderingsmetodar for øving

På eiga hand innstudera nytt stoff der ein nyttar all kunnskap ein har tileigna seg opp gjennom åra

Breiddetilbod

Meistra grunnferdigheiter

Læra notar og enkel rytme

Konsertdeltaking i trygge rammer

Spesielt for akkordeon

Korleis halda instrumentet. Rett sitje- og handstilling, samt belgbruk.

Spela enkle melodiar

Korleis me jobbar for å oppnå måla

Enkeltundervisning

Framføring i trygge rammer

Forventningar til eleven

Vera godt førebudd, vera aktiv på timen

Ta godt vare på instrumentet

Forventningar til læraren

Vera godt førebudd

Gje rette utfordringar

Gje klare mål til eleven

Gje trivsel og trygge rammer

Vurdering

Klare mål og evaluering undervegs

Godt samarbeid elev-føresette-lærar

Kjernetilbod

Spesielt for akkordeon

Får låna instrument på kulturskulen

Læra rett sitje- og handstilling, korleis halda instrumentet, samt belgbruk.

Utvikla fin- og grovmotorikk for å handtera store belgrørsler og styrka muskulaturen i fingrane med teknikkøvingar.

Basiskunnskap: G og F nøkkel, dur/moll, notasjon, rytmar, læra enkel  besifring og gehørspel

Korleis me jobbar for å oppnå måla

Enkeltundervisning

Samspel, orkester om mogleg

Konsertdeltaking i trygge rammer på ulike arenaer

Godt samarbeid mellom elev,føresette og lærar

Variert repertoar frå barnesongar og folkemusikk til klassisk musikk

Forventningar til eleven

Gode øvingsrutinar og systematisk heimearbeid

Vera godt førebudd, vera aktiv på timen

Delta på elevkonsertar og liknande arrangement

Føresette fylgjer opp øvingsarbeidet mellom timane

Forventningar til læraren

Vera godt førebudd til timen

Skapa trivsel og trygge rammer

Innføring i bruk av øveteknikkar, forklara korleis og kvifor

Gje tydlege arbeidsoppgåver og rette utfordringar

Setja klare mål, og sei når desse er nådd

Vera eit godt førebilete

Vurdering

Ha klare mål og evaluering med eleven undervegs

Godt samarbeid mellom elev, føresette og lærar

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

På venteliste:
1

Lærarar