Piano

Klassisk piano

Kulturskulen tilbyr enkeltundervisning i piano.

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 6 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Piano er eitt av dei mest brukte instrumenta i dei fleste sjangrar: Klassisk, jazz, pop, viser, folkemusikk, osv. Det er også mykje brukt til å akkompagnera andre soloinstrument. Dei fleste av dei store komponistane frå 1700-talet og fram til i dag har komponert for piano. Det fins såleis eit stort og variert notemateriale for dette instrumentet, med noko for einkvar smak, i tillegg til eit breitt utval av undervisningsstoff.

Breiddetilbod

  • Eleven bør ha eige piano/el-piano.

  • Læra riktig sitje-, hand- og fingerstilling.

  • Likeeins basiskunskap (notar/noteverdiar, G- og F- nøkkel, # og b, dur og moll osv.)

For å oppnå måla:

  • Enkeltundervisning, kontinuerleg.

  • Samspel, t.d. 4-hendig.

  • Konsertdeltaking i trygge rammer.

Forventningar til eleven:

  • Gode øvingsrutinar.

  • Godt førebudd, og aktiv på pianotimen.

  • Delta på konsertar og liknande arrangement.

  • Føresette fylgjer opp øvingsarbeidet som støtte for eleven si musikalske utvikling.

Forventninger til læraren:

  • Godt førebudd til timen.

  • Skapa eit godt læringsmiljø, trivsel og trygge rammer.

  • Innføring i øvingsteknikk og råd om øvingsrutinar.

  • Tydelege oppgåver.

  • Klare mål, og informerer om når desse er nådd.

Vurdering:

  • Målretta arbeid, evaluering med eleven undervegs.

  • Konstruktivt samarbeid mellom elev, føresette og lærar.

Kjernetilbod

Overordna mål for eleven:

  • Meistringsglede.

  • Sjølvstendig utøvar, i solo og i samspel.

  • Fordjuping, som grunnlag for vidaregåande- og høgare utdanning.

Korleis me jobbar for å oppnå måla våre:

  • Etablera gode øvingsrutinar.

  • Refleksjon over eiga utvikling på instrumentet.

  • Studera inn og framføra musikk med integritet og personleg utrykk.

  • Eit breitt repertoar.

  • Oppnå, og anvenda teorikunnskap og musikkfagleg terminologi.

For piano:

  • Fokus på speleteknikk, pedalbruk, klang osv. via relevante øvingar.

  • Utanatlæring.

  • Varierte oppgåver: Solo,samspel og akkompagnement.

  • Konserttrening.

Forventningar til eleven:

  • Målretta eigeninnsats.

  • Godt førebudd og aktiv i timen.

Forventningar til læraren:

  • Relevante oppgåver, utfordringar på eleven sitt nivå.

  • Individuell utviklingsplan.

  • Tydelege mål.

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

På venteliste:
122

Lærarar