Song

Klassisk song

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 7 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Songundervisninga i kulturskulen er ei undervisning for born/ ungdomar frå ca 9 - 18 år.

Undervisninga er for deg som likar å uttrykka deg gjennom stemma di.

Du får hovudsakleg  enkeltundervisning ( solotimar), der du får utvikla di personlege spesielle stemme både uttrykksmessig, teknisk og klanglig.

Dette får du gjennom sangøvingar og songar i ulike sjangrar og vanskelighetsgrad.

Me har jamnlege konsertar( både små intimkonsertar og større) og elevane får delta på desse etter ynskje.

Nokre år har me også større prosjekt i kulturskulen sin regi og då hender det ofte at songelevane blir samla til eit "kor", dette brukar vera inspirerande for alle og stor stas!

Du er hjarteleg velkommen til songtime!

Kulturskulen tilbyr både gruppeundervisning (gutekor) og enkeltundervisning i song.

Stemma er songaren sitt instrument.

Opplæringa har som mål å utvikla eleven si stemme teknisk og musikalsk.

Gjennom songundervisninga i kulturskulen, vil eleven læra å bruka og utvikla stemma si på best mogeleg måte.

Eleven vil læra om det å varma opp stemma og gjera øvingar for å utvikla stemma.

Undervisninga vil også presentera eleven for songar frå ulike sjangrar som viser, folketonar, klassisk og musikal. Songgleda skal stå i fokus: " Syng, le og gråt en tåre ".

Pop/country/vise song

Her kan du syngja pop, country, viser eller det du måtte ha lyst til. Du kan nytta playback, eller så spelar læraren med deg på gitar eller piano.

Lærar et Arnstein Klovning.  arnstein.klovning@voss.herad.no

Breiddetilbod

OVERORDNA MÅL FOR ELEVEN:

- oppleva meistringsglede.

- delta i samspel (song) og sosialt fellesskap

- læra gjennom leik, utforsking, eksperimentering og refleksjon.

SPESIELT FOR SONG:

- eleven skal finna og utvikla si eiga unike stemme.

- kjenna på songglede.

- læra om fysikk, haldningar, pust og artikulasjon.

- i breiddetilbodet arbeider me med gehør men også notebilde som innøvingsmetode.

KORLEIS ME JOBBAR FOR Å OPPNÅ MÅLA VÅRE:

- god kommunikasjon med føresette.

- høyra på andre elevar.

- framføringar i trygge rammer som institusjonskonsertar, intime huskonsertar og eigne
songkonsertar.

- me syng også saman i kor til ulike prosjekt osv..

FORVENTNINGAR TIL ELEVEN:

- møta på timen, delta aktivt og positivt.

- ta vare på ”instrumentet”, (halda seg frisk.)

- ta med notar.

FORVENTNINGAR TIL LÆRAREN/SONGPEDAGOGEN:

- godt førebudd til timen.

- gje rette utfordringar.

- sørga for at eleven veit måla sine.

- sørga for at eleven opplever tryggleik og trivsel.

VURDERING:

- klare mål( konsertar) og evaluering undervegs.

- godt samarbeid elev- føresette- lærar.

Kjernetilbod

OVERORDNA MÅL FOR ELEVEN:

- oppnå gode ferdigheiter ( kvalitet) på instrumentet sitt.

- oppleva meistringsglede.

- utvikla seg til ein sjølvstendig utøvar som har glede av musikk gjennom heile livet.

- bli ein aktiv lyttar med eit nært forhold til musikk.

- utvikla evne til samspel og samarbeid.

- få høve til fordjuping som kan danna grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i song.

- verta ein ressursperson som bidreg til eit levande kulturliv.

Fase 1:

- etablera gode øvingsrutinar.

- imitera enkle øvingar, melodiar og rytmar på gehør.

- finna grunnpulsen i musikken/ melodien.

- lesa notar eller anna notasjon.

- enkel musikkteori og musikkhistorie.

- læra god songstilling og teknisk basiskunnskap.

- delta på konsertar.

Fase 2:

- øva regelmessig heime.

- lytta aktivt til eigen song og medelevar i samspel/- song

Fase 3:

- planlegga øving med læraren.

- kan bruka opptak av eigen song som øvingsmetode i eigenutvikling.

- memorera songane.

- lytta til, spela/ synga og reflektera over ulike musikksjangrar.

- planlegga konsertar.

- få kunnskap om spenningar og feilbelastningar.

- opparbeida eit allsidig repertoar.

- høgare krav til eigenøving enn på breiddetilbodet.

- benytta varierte innstuderingsmetodar for øving.

- vera solist på konsertar.

- Gjera seg nytte av brei informasjon frå eit notebilde.

SPESIELT FOR SONG:

- læra om eiga stemme.

- læra om pust, støtte, klang, songstilling og artikulasjon.

- etterkvart synga fleirstemt med andre.

- utvikla eit godt gehør og samstundes læra notar og musikkteori.

- læra litt om bruk av mikrofon.

- læra tekstforståing og formidling.

KORLEIS ME JOBBAR FOR Å OPPNÅ MÅLA:

- variera mellom individuell undervisning, små grupper og større grupper/ kor, også saman
  med andre instrument.

- samarbeid mellom skule og heim.

- delta på konsertar i trygge rammer og tilpassa nivå.

- vera publikum og få inspirasjon frå andre elevar.

- etablera gode rutinar når det gjeld eigen øving og øving på timen.

- jobba med ulike sjangrar og ulike språk.

FORVENTNINGAR TIL ELEVEN:

- koma godt førebudd til timen.

- ha med notar.

- delta på konsertar og arrangement.

- føresette bør ha interesse for og delta som publikum på konsertar.

FORVENTNINGAR TIL LÆRAREN:

- godt førebudd til timen.

- gje innføring i korleis og kvifor det er viktig med øving.

- gje rette utfordringar og tydeleg rettleiing og arbeidsoppgåver.

- sørga for tryggleik og trivsel.

- vera eit førebilete for eleven.

- bry seg om og visa omsorg og interesse for kvar enkelt elev ( ”sjå eleven").

VURDERING:

- klare mål og evaluering undervegs.

- godt samarbeid elev- føresette- lærar.

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

På venteliste:
6

Lærarar