Vossajazz prosjekt

Building Instrument!

Hei! Vi er bandet Building Instrument! Og vi vil ha med oss ei gruppe med barn til å leike og skape lydar og musikk til ein konsert på Voss i lag!

Du kan kome som du er, du skal ikkje ha med ditt eige instrument, men det er fint om du er interessert i å eksperimentere med lyd og gjerne like å synge. Men dette er ikkje eit must!

Vi jobbar med improvisasjon og lagar lydar og musikk på kanskje litt uventa måter, kanskje med hendene våre? Eller med ting vi finner heime som lagar fine lyder!

Mål:

  • 2 konsertar kl. 12 og 14 i Ungdomshallen 12.april
  • Konserten vil vere ein blanding av musikk som Building Instrument har laga og barna har skapt i lag med bandet

Lærarar