Vedtekter

Vedtekter for Voss kulturskule

Vedteken av fellesnemda 5.april 2019, revidert av heradsstyret 21.11.2019.

 

 

§ 1 Forankring

Opplæringslova § 13-6 seier om kulturskuletilbodet:

Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

Voss kulturskule skal drivast i samsvar med lov og forskrifter og bygge på Rammeplan for kulturskulen, og lokalt utarbeidde fagplanar.

 

§ 2 Målsetjing

Kulturskulen skal:

  • arbeide for at tenestene kulturskulen tilbyr vert tilgjengelege for alle, og at kulturskulen skal ha tilbod om gratisplassar til born frå familiar med låg inntekt.
  • gje barn og unge undervisning innanfor fleire estetiske uttrykksformer, t.d. instrumental/vokal(musikk), bilete, teater/drama, dans/ballett.
  • utvikla den einskilde eleven sine kunstnarlege og skapande evner og motivasjon
  • fremja personleg vekst, og syna korleis estetiske uttrykksformer kan formidla integrering, mangfald, trivnad og samkjensle.
  • gje eit godt grunnlag for ei eventuell yrkesutdanning innan estetiske uttrykksformer.
  • fremja eit godt og rikt oppvekst,- kunst- og kulturmiljø i kommunen.
  • styrka og utvikle lokale musikk- og kulturtradisjonar.
  • Gje tilbakemeldingar på eigen utvikling og egne resultat gjennom utviklingssamtaler.
  • Kulturskulen skal leggja stor vekt på samarbeid med:
  • Andre offentlege undervisningstenester(grunnskule, barnehage, vidareg.sk., vaksenopplæring.)
  • det frivillige musikk/kulturliv i bygda
  • nabokommunar og fylkeskommunen (distriktsmusikarordninga m.v.)

 

  • Formidling som konsertar, utstillingar og liknande er ein viktig del av det pedagogiske opplegget. Kulturskulen kan delta i eller vera arrangør for andre kulturarrangement.

 

§ 3 Samarbeid med dei frivillige

Voss kulturskule og det frivillige musikk- og kulturlivet er gjensidig avhengig av kvarandre. Gjennom formelle samarbeidsorgan og møteplassar skal hopehavet mellom desse styrkast og utviklast.

 

§ 4 Organisering

Undervisninga blir primært gitt ved Voss kulturhus. Det vil også bli gitt undervisning ved Granvin barne- og ungdomsskule tilpassa etterspurnad og behov. I tillegg kan det opnast for andre desentraliserte tilbod.

Undervisninga i kulturskulen fylgjer skuleruta for grunnskulen i kommunen. For spesielle opplegg/prosjekt kan undervisninga konsentrerast i periodar.

 

§ 5 Opptak/søknad/oppseiing av plass

Skulen har hovudopptak av elevar ein gong i året med søknadsfrist 25. mai. Det er bindande påmelding for heile skuleåret. Elevane må søkje på nytt for kvart skuleår. Fylgjande opptakskriterier gjeld:

  • Søkjarar busett i kommunen
  • Elevgruppa 4 – 19 år skal prioriterast.
  • Elevar med spesielle behov.
  • Søkjarar som har søkt eller fornya ventelisteplass innan rett frist i hovudopptak.
  • Søkjarar med lengst ventetid (tall år) blir prioritert dersom det ikkje er plass til alle.
  • Yngre og eldre elevar enn primærmålgruppa kan takast inn etter særleg vurdering.

Når du søkjer om opptak, har du krav på å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett på eit tilbod, må kommunen si avgjer om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven. Ein kan klage på vedtaket jf. Forvaltingslova § 28.

Dersom ein elev ynskjer å slutta midt i semesteret, skal det likevel betalast elevpengar for heile semesteret. Oppseiing av elevplass skal skje skriftleg via e-post til kulturskulerektor.

Søkjarar som har stått lengst på venteliste vert tekne opp ved først ledig plass.

 

§ 6 Foreldrebetaling

Betaling gjeld dei satsar som til ei kvar tid er fastsett av heradsstyret. Tenesta vert fakturert etterskotvis to gonger i året, eller etterskotsvis kvar månad om det vert bede om det.

 

§ 7 Teieplikt

Dei tilsette i kulturskulen, administrasjonen, og politisk hovudutval har teieplikt vedkomande alle personopplysningar dei i kraft av stillinga/omboda vert kjent med, etter forvaltningslova § 13 med utfyllande føresegner.

 

§ 8 Endringar av vedtektene

Endringar av vedtektene skal avgjerast av heradsstyret.

 

 

Dokument – ID

Utarbeidd av: Kultur og fritid-Kulturskulen

Godkjend av/dato: Vedteke i fellesnemna 05.04.2019 sak 12/19

Revidert: Av heradsstyret 21.11.219 sak 47/19

Neste revisjon:

Saksnummer i 360 online: