I Voss herad har me samla alt som skjer av aktivitetar i den digitale aktivitetskalenderen Friskus.
I denne kalenderen finn du oversikt av arrangement, frivillige lag og organisasjonar, aktivitetsarrangørar og ei oversikt over støtteordningar til barn og unge i heradet.
Dersom du nyttar dei ulike filter vil du kun få opp det som interesserer deg.
Sist endra 23.10.2024 10.22
Gå til aktivitetskalenderen
Hjelpesenter, svar på ofte stilte spørsmål
Om Friskus
Kva er Friskus og korleis kan innbyggjarane nytta seg av tenesta?
Friskus er ein digital aktivitetskalender for det som skjer på Voss. Den er gratis å nytta, og alle som tilbyr aktivitetar i Voss herad kan nytta Friskus. Ein kan og nytta Friskus til å rekruttera frivillige.
Ikkje minst kan alle innbyggjarar, anten dei vil delta på aktivitetar eller engasjera seg som frivillig, nytta Friskus.
Kvifor nyttar me Friskus?
Eit av måla med å nytta Friskus er at fleire innbyggjarar skal vera aktive og finna ein aktivitet som passar for nettopp dei. Me veit og at mange ynskjer ei god oversikt over alt som skjer av aktivitetar i kommunen vår.
- Oversikt. Ein interaktiv aktivitetskalender med oversikt over alle arrangement og frivillig-oppdrag i nærleiken – alt er samla på ein stad.
- Gruppefellesskap. Ein kan utforska nye interesser, nytta eigen kunnskap og erfaringar, treffa nye vener, og bli trygg før ein melder seg på ein aktivitet.
- Kjensle av tilhøyrsle. Det er enkelt å ta oppdrag og gjera ein innsats for andre – dette gir verdi for dei som gir og dei som får.
Kjelde
- Enkel administrasjon. Oppretting av aktivitetar og oversikt over deltakarar. Faste aktivitetar kan setjast som gjentakande ut året.
- Eige meldingssystem. Koordinator kan kontakte deltakarar, og halda jamleg kontakt med medlemar/frivillige eller nye interesserte.
- Kvalitetssikring. Eigne «sertifikat» for gruppemedlemar, slik at ein kan kvalitetssikra deltakarar dersom det trengs teieplikt eller politiattest for å stilla på oppdrag.
Kjelde
De får:
- Enkel oppretting av aktivitetar og frivillige oppdrag.
- Marknadsføring saman med resten av kommunen sine aktivitetar.
- Verktøy for administrering og rekruttering til frivillige oppdrag.
- Unikt gruppeverktøy for oppfølging og koordinering.
- Forenkla publisering. Aktivitetar som går fast kvar veke/månad kan setjast som gjentakande ut året.
- Meldingssystem. Enkel kommunikasjon med medlemar og frivillige.
- Auka synlegheit. Gjer innbyggarane trygg på kven de er som lag, organisasjon eller foreining.
- Elektronisk medlemsregister. Du kan digitalt registrera og fornya teieplikt, politiattest osb.
- Statistikk over aktivitetar og påmelde.
- Automatisk varsel til medlemar om deira aktivitetar.
- SMS-teneste. Blir levert som tilleggsløysing.
Spel på lag med andre organisasjonar i din kommune, og synleggjer tilbodet dykkar. No slepp ein å leita på fleire ulike plattformer – innbyggjarane finn dykk enkelt i ein felles kalender!
Kjelde
- Tverrsektorielt samarbeid. Rekruttering, koordinering av arrangement og frivillig aktivitet vert gjort på ein plass.
- Spar tid og penger. Friskus forenklar arbeidskvardagen for alle som jobbar med aktivisering, aktivitetstilbod, kulturtilbod, oppfølging, integrering og inkludering.
- Auka livskvalitet for innbyggjarane. Verktøyet kan vera med på å hindra sosial ulikskap i helse, og stoppe negativ utvikling av einsemd og utanforskap.
Kjelde
Me får:
- Tverrfagleg samhandlingsplattform for kommunikasjon på tvers av avdelingar eller kommunegrenser.
- Digital oversikt over kontaktpersonar til kommunen sine frivillige lag og organisasjonar.
- Aktivitetsoversikt og enkel påmelding til arrangement og frivillig-oppdrag.
- Gruppetilhøyrsle og oppfølgingsverktøy for alle kommunale avdelingar, frivillige lag og organisasjonar.
- Koordinering-, kommunikasjon- og styringsverktøy.
- Enkel plattform for å engasjera innbyggarar og gi kunnskap om kva som skjer i kommunen.
Kjelde
- De kan enkelt oppretta aktivitetar, arrangement og frivillige oppdrag, og visa innbyggjarar når, kvar og kva som skal skje.
- De kan handtera den daglege drifta på ein plattform
- Din frivilligsentral får ei eige gruppe, der de kan fylgja opp frivillige, koordinera, skapa tilhøyrsle og motivera.
De får:
- Enkel oppretting av aktiviteter og frivillige oppdrag.
- Marknadsføring saman med resten av kommunen sine aktiviteter.
- Verktøy for administrering og rekruttering til frivillige oppdrag.
- Unikt gruppeverktøy for oppfølging og koordinering.
- Forenkla publisering. Aktivitetar som går fast kvar veke/månad kan setjast som gjentakande.
- Meldingssystem. Enkel kommunikasjon med medlemar og frivillige.
- Auka synlegheit. Vis dykk fram og gjer innbyggarane trygg på kven de er som lag, organisasjon eller foreining,
- Elektronisk medlemsregister. Du kan digitalt registrera og fornya teieplikt, politiattest etc.
- Statistikk over aktivitetar og påmeldte.
- Automatisk varsel til medlemar om aktivitetane dykkar .
- SMS-tjeneste. Blir levert som tilleggsløysing.
Kjelde
Korleis kan du laga deg ein brukar?
- Gå inn på voss.friskus.com
- Trykk på "Logg inn" oppe til høgre på sida for å laga deg ein brukarkonto
- Legg inn ditt mobilnummer og trykk "registrer". Fyll inn dine opplysningar og du er i gang!
- Vel Voss herad i aktivitetskalenderen og du vil sjå aktivitetane i kommunen
Korleis kan lag og foreiningar ta i bruk Friskus?
På Friskus kan de visa fram aktivitetar, koordinera og rekruttera - alt på ein stad, saman med andre.
Du kan nytta Friskus i alle nettlesarar bortsett frå Explorer. Google Chrome fungerer aller best.
- Gå inn på voss.friskus.com
- Trykk på BLI ARRANGØR
- Lag deg ein personleg brukarkonto (sjå over), og fyll inn opplysningar om organisasjonen du representerer for å tinga arrangørside.
Har du problem med å laga deg ein brukar, eller leggja inn aktivtetar? Sjekk ut Hjelpesenter eller ta kontakt med kristina.finne@voss.herad.no
Legg til Friskus som APP på telefonen din: