Livssynsnøytrale seremonirom for gravferd på Voss

Livssynsnøytrale seremonirom til gravferd er lokale som kan nyttast av alle, uavhengig av tru eller livssyn.

Livssynsnøytral og personleg seremoni

Gravferda skal gjennomførast med respekt for livssynet til den avlidne. Det er dei pårørande som har ansvar for å velja eit eigna lokale til gravferdsseremonien.

Ved livssynsnøytrale seremoniar kan ein velja ei personleg utforming og kombinera uttrykk frå ulike tradisjonar og kulturar.

Etter lova står ein fritt til å velja lokale for gravferda.

Det er vanleg å nytta eit gravferdsbyrå for å få hjelp med heile eller delar av gravferda. Gravferdsbyrået kan gi informasjon, råd og praktisk hjelp i planlegginga og gjennomføringa av seremonien.

Voss herad tilbyr i dag to lokale som kan nyttast til livssynsnøytrale eller personlege seremoniar: Vonheim og foajeen i Gamlekinoen.  Det er gratis å nytta desse lokala til gravferd.

 

Vonheim 

Vonheim er eigd av KFUK/KFUM. Lokalet er godt eigna til både livssynsnøytrale og religiøse gravferder. Seremonirommet har plass til om lag 160 personar og er utstyrt med det som trengst til ein gravferdsseremoni, mellom anna talarstol, piano og lydanlegg. Bygget ligg like ved gravplassen. 

For spørsmål om bruk, ta kontakt med gravferdsbyrå eller gravplassforvaltar på e-post
kv934@kyrkja.no eller tlf. 56 52 38 80.

 

Gamlekinoen

Foajeen i Gamlekinoen har plass til om lag 100 personar og er utstyrt med piano og lydanlegg. Lokalet ligg sentralt til ved Tinghuset. 

Det er mogleg å betale leige å nytta sjølve storsalen i Gamlekinoen, denne har 432 sitjeplassar. 

For spørsmål om bruk, ta kontakt med gravferdsbyrå eller gravplassforvaltar på 
e-post kv934@kyrkja.no eller tlf. 56 52 38 80.

 

Informasjon om seremoniordningar Seremoni i Voss og omegn | Vinsands Gravferdsbyrå AS

Gravplassforvaltinga i Voss herad  gravplassivoss.no – Gravplassadministrasjon i Voss herad

Kontakt

Kristina Finne
Frivilligkoordinator
E-post
Telefon 91 14 26 33