Føremål
Fritidsfondet har som føremål å gje barn og unge moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitet til tross for svak familieøkonomi.
Målgruppe
Barn og unge i alderen 6-18 år i familiar som har vanskeleg økonomi som er folkeregistrert i Voss herad. Barnet/ungdommen kan få støtte frå det året dei fyller 6 år til og med det året dei fyller 18 år.
Kva kan du søkja om støtte til
Betaling for kostnadar knytt til faste organiserte fritidsaktivitetar i Voss herad. Dette kan vera:
- Medlemskontingent, treningsavgift og lisensar i fast organisert fritidsaktivitet.
- Kulturskuleavgift
- Eigenandel for turar, treningsleirar, deltaking på stemne og cupar m.m. som naturleg inngår som ein del av den faste organiserte aktiviteten.
- Nødvendig utstyr.
- Voss Resort og Myrkdalen Fjellandsby tilbyr reduserte prisar på sesongkort til barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Fritidsfondet dekker kun utgiftene til sesongkort dersom barnet/ ungdommen deltek på organisert trening med ei alpingruppe som nyttar skisenteret til trening.
- Fritidsfondet dekker ikkje utgifter til treningssenter, skulefritidsordningar og lommepengar.
Støttebeløp
Det kan bli gitt maksimalt kr. 2500,- i støtte til eit enkelt barn/ungdom i løpet av eit år. Søknadsbeløp må vera minimum 300,- kr. pr. barn/ungdom. Det kan søkjast fleire gonger i løpet av året.
Kven kan søkja?
Føresette, trenarar og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, ressurspersonar som jobbar i kommunen, som helsesjukepleiarar, rådgjevarar, barnevernstenesta m.m. kan søkja om støtte på vegne av barnet. Den som søkjer har ansvar for å gå god for at barnet er i målgruppa for ordning og å følgja opp at barnet deltek i aktiviteten det vert søkt om støtte til. Det vert ikkje stilt krav om dokumentasjon av familiens økonomiske situasjon, ordninga er tillitsbasert. Sjå førehandsvisning av søknadsskjemaet her. (PDF, 185 kB)
Korleis søkja om støtte?
Føresette eller andre vaksne, som kjenner barnet og familiesituasjonen, søkjer via eit enkelt digitalt skjema på Voss herad si heimeside. Det er ikkje mogleg å lagra skjema medan du fyller det ut. Det skal sendast eige skjema for kvart barn det skal søkjast for. Det er ingen søknadsfrist. Søknadar vert handsama fortløpande, og ein kan venta svar seinast innan 3 veker. Søknaden skal innehalda informasjon om kven det vert søkt for og kva det vert søkt om støtte til. Hugs å leggja ved kopi av faktura.
Søknadshandsaming
Søknaden vert handsama administrativt av sakshandsamar i avdelinga for Kultur og fritid i kommunen. Utbetalinga skjer ei gong per månad.
NB! Støtta vert kun utbetalt til organisasjon med organisasjonsnummer, ikkje til privatpersonar. Det er ikkje mogeleg å få refundert utgifter til privat konto.
Dersom du har innspel eller spørsmål til Fritidsfondet, set me stor pris på om du tek kontakt med koordinator i avdelinga for Kultur og fritid Kristina Finne på mail kristina.finne@voss.herad.no eller på tlf. 91142633.
Søknadsskjema, Fritidsfondet
Handsaming av personopplysningar i Fritidsfondet (PDF, 34 kB)
Tabell med låginntektsgrenser