Støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod for deg som treng støtte til å ha ein aktiv og sosial fritid. Tilbodet er for personar som på grunn av alder, nedsett funksjonsevne eller sosiale utfordringar står i fare for å bli isolerte.

Kva gjer ein støttekontakt?

Ein støttekontakt kan:

  • besøka deg heime
  • vera med deg på aktivitetar som kino, kafé, turar eller arrangement
  • hjelpa deg med å delta i sosiale fellesskap

Tilbodet er vanlegvis på 1–3 timar i veka, og alle støttekontaktar har teieplikt.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men du må sjølv betala for eigne utgifter til aktivitetar (t.d. kinobillett, mat på kafé).

Typar støttekontakt-tenester

Støttekontakten kan organiserast på ulike måtar:

  1. Individuell støttekontakt / treningskontakt
    Du får ein fast person som du møter jamleg.
  2. Deltaking i aktivitetsgruppe
    Du deltek i ei gruppe saman med andre, med støtte frå ein tilsett eller frivillig.
  3. Individuelt tilbod i samarbeid med frivillig organisasjon
    Du får eit tilbod tilpassa deg, i samarbeid med ein frivillig organisasjon.

Kven passar tilbodet for?

Støttekontakt kan vera aktuelt for deg som:

  • har ei funksjonsnedsetting
  • er eldre og kjenner deg isolert
  • har sosiale utfordringar og treng hjelp til å delta i fritidsaktivitetar

Me vurderer saman med deg om støttekontakt er det rette tilbodet, eller om andre tenester kan passe betre.

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

Har du litt tid til overs? 
Vil du bidra til auka livskvalitet for nokon som treng deg? 

Å vera støttekontakt er eit gjevande oppdrag, og fint å ha med seg på CV-en. 
Ta kontakt på telefon 918 74 219 for ein uforpliktande samtale!

Meir informasjon finn du her:

Bli støttekontakt