LivOGLyst - eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland

Vil du vera med og skapa eit levande, attraktivt og inkluderande lokalsamfunn?

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil styrkja trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur. Programmet gir både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale tiltak. 

Søknadsfrist for å bli med i LivOGLyst-prosjektet er innan 1.november 2025!

Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?

Eit LivOGLyst-prosjekt blir drive av innbyggjarar i lokalsamfunnet. Dette kan vera eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Målet er å samla folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser for å skapa noko positivt saman. 

Forprosjekt

Prosjekta startar alltid med eit forprosjekt. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr i støtte til å få folk med, skapa engasjement, få fram idear og testa dei ut. Første året handlar det ikkje om å ha ei løysing klar - men å samla folk og å finna ut kva dei har lyst til. 

Hovudprosjekt

Etter forprosjektet kan de søkja om å bli eit hovudprosjekt. Då kan de få 300 000 kr over tre år og kan jobbe vidara med arbeidet frå forprosjektet. 

Tilskota til forprosjekt og hovudprosjekt kan brukast til

  • Prosjektleiing (inntil 50 prosent)
  • Mobiliseringstiltak og aktivitetar (t.d. idéverkstader, arrangement, møteplassar, utstyr)
  • Deltaking i LivOGLyst-nettverket (reise, opphald, kurs)

LivOGLyst-nettverket

Som prosjekt blir de del av eit regionalt nettverk med andre eldsjeler frå heile fylket. Her får de

  • opplæring i prosjektarbeid og relevante tema
  • ei årleg fysisk nettverkssamling med inspirasjon og erfaringsdeling
  • digitale faglege og sosiale møteplassar gjennom året
  • oppfølging frå fylkeskommunen og ein lokal kontaktperson i kommunen

 

Få inspirasjon og les om prosjektet til Ålfoten LivOGLyst.

 Les meir om LivOGLyst her

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 91 14 26 33