Anbefalingar til ungdomsforeldre

Det er viktig med tydelege foreldre som vågar å setja grenser.  Voss herad har i samarbeid med polititet utarbeidd nokre anbefalingar til ungdomsforeldre.

Anbefalingar til ungdomsforeldre: 1. Snakk med ungdommen din! Ha samtalar om konsekvensar av å nytta rusmidlar, slik at det er lettare for dei å ta gode val. 2. Våg å vera kjip - set grenser! Ungdomar som veks opp i familiar med klare reglar, drikk mindre og er meir forsiktige. 3. Ikkje gje barnet ditt alkohol! Tenåringar som får alkohol av foreldra sine, drikk ikkje mindre. Tvert imot kjem det i tillegg til alkoholen dei sjølv får tak i. 4. Snakk med andre foreldre! "Alle andre" får sannsynlegvis ikkje lov. Avtal felles reglar med andre foreldre. 5. Ver tilgjengeleg - følg med og følg opp! Avtal innetid og tilby å køyre og hente. Ver tydeleg på at ungdomen kan ringje dersom noko skulle skje. 6. Politiet på Voss seier fylgjande: Lovverket seier at barn under 15 år ikkje skal opphalda seg på offentleg stad utan vaksne etter kl 22 (politiloven §13 2. ledd), ungdom 15-18 år bør ikkje opphalda seg på offentleg stad utan vaksne etter kl 24. Barn i barneskulealder bør ikkje opphalda seg på offentleg stad utan vaksen etter kl 20. - Klikk for stort bilete

 

Er du bekymra for ein ungdom ta kontakt med:

Politi: 56528700 eller 02800
Voss helsestasjon: 56533040
Vakttlf. psykisk helse: 48014570
Barnevernsvakta: 41863070
Utekontakt: 90526906

Kva er SLT?

SLT er ei forkorting for «samordning av lokale førebyggjande tiltak» og er eit systematisk samarbeid på tvers av kommunale avdelingar og med andre instansar. Gjennom felles målretta tiltak vert det arbeida førebyggjande for å redusera rusmiddelmisbruk og kriminalitet blant born og unge. Ordninga har til føremål å bruka eksisterande tiltak og ressursar mest mogleg effektivt og legg opp til eit nært og forpliktande samarbeid mellom einingane. 

I Voss herad er SLT organisert med ei koordineringsgruppe som møter kvarandre fast ein gong i månaden. Gruppa avdekkjer utfordringar i ungdomsmiljøet og set inn ressursar for målretta innsats. Faste og regelmessige møter er viktig for å ha ei felles oversikt over utfordringsbildet, ha kjennskap til tenestene som kan bidra til endring og samkøyra tiltak frå ulike tenester.

Fylgjande er representert i SLT koordinerande gruppe på Voss: kultur og fritid ungdomsavdelinga, utekontakten, kommunepsykolog, skulehelsetenesta ved grunnskule og dei vidaregåande skulane, rådgjevar ved Voss gymnas, Voss VGS og Voss ungdomskule, barnevernstenesta, psykisk helse og rusarbeid, Voss Frivilligsentral, Politiet førebyggjande eining og NAV.

Kontakt

Lars Egil Sjøtun
SLT koordinator
E-post
Telefon 90 52 69 06