Bli med på kveldskøyring 2025

Saman med frivillig lagsliv inviterer ungdomsavdelinga i Voss herad alle 6.-10. klassingar busett i Voss herad til gratis kveldskøyring torsdagar frå 6. mars - 3.april. 

Korleis bli med? Møt opp kl.17.00 på Voss Gondol i kjellaretg. Kjem du etter kl. 17.15 er du for sein og det er ikkje mogeleg å delta denne kvelden. 

Det vert utdeling av kort og inndeling i grupper: 

  1. Gruppe 1: nybyrjar, delta på skikurs i barnebakken 
  2. Gruppe 2: for deg som har vore litt på ski, men vil læra meir og vil ut i skisenteret 
  3. Gruppe 3: leik og moro med skiguide 
  4. Gruppe 4: frikøyring, du køyrer saman med andre vener 

 

NB! Alle som får skikort og er med på  “Bli med på kveldskøyring”  må fylgja nokre viktige reglar:

  • Ingen har lov å stå på ski aleine i skisenteret.
  • Deltaking er på eige ansvar og føresette må fylgja opp at barna kjem seg heim.
  • Voss Resort sine Skivettreglar må fylgjast. Desse vil alle få god innføring i på veg opp med gondolen.

 

Treng du skiutstyr, ta kontakt med Kirkens bymisjon Skattkammeret som held til i Bonangergata i Voss sentrum. Skattkammeret har ope tysdag og torsdagar 14.00-18.00. 

Har du spørsmål, ta kontakt med kristina.finne@voss.herad.no, tlf. 91142633

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 91 14 26 33