Taxi til og frå fritidsaktivitetar for ungdom 10-18 år

Voss herad har fått tilskot frå Vestland fylkeskommune til eit pilotprosjekt som går ut på å gi ungdom, som ikkje kjem seg til fritidsaktivitetar, taxi der det ikkje går buss eller tog. 

Prosjektet har begrensa med midlar, det er difor  “fyrste mann til mølla" prinsippet som gjeld. 

Ordninga gjeld innanfor kommunegrensene og tilbodet gjeld til midlane er brukt opp. Ordninga skal evaluerast i desember 2025.

 

Kven kan søkja på ordninga?

  • Ungdom frå 10 til 18 år
  • Transportstrekninga må vera minst 3 km (unntak kan vurderast).
  • Det må ikkje gå offentleg transport på strekninga, eller ventetida på buss/tog må vera over 1 time.
  • Du kan få taxi to turar i veka. Ein tur er ein veg, tur/retur tel som to turar.

 

Korleis søkjer du?

  • Føresette søkjer på vegne av ungdomen (ungdom over 18 år kan søkja sjølv).
  • Fyll ut søknadsskjemaet (lenkje under).
  • Når søknad er godkjent, får du ei personleg referanse. Denne må du oppgi når du bestiller taxi.

 

Slik fungerer det:

  • Du bestiller sjølv taxi hjå Voss Taxi på telefon eller e-post. Oppgi personleg referanse ved bestilling.
  • Bestill taxi minst 24 timar før turen.
  • Taxi kan brukast hovudsakleg på ettermiddag i kvardagar, men også i helger.
  • Taxi er personbil, det er ikkje høve til å bestilla større bil.
  • Alle som sit på i taxi må betala eigendel på 30kr. per tur til sjåfør med kort eller kontant. Vaksne over 18 år betalar kr. 50,-

 

Viktig å vita:

  • Avbestill turen minst 1 time før. Dersom du ikkje møter opp til to turar, mister du retten til å bruka ordninga i 2 månadar og du må søkja på nytt. 
  • Taxien køyrer kun innanfor avtalt tid og strekning. Du kan ikkje bruka taxi til andre turar enn den du har søkt om og fått godkjent.
  • Du bestiller taxi per tlf. eller på e-post hjå Voss Taxi tlf. 56511340 e-post: post@vosstaxi.no
  • Tidspunkta over er om lag, de må oppgi ynskt tidspunkt ved kvar bestilling. Det kan vera lurt å ha +/- 20 min. å gå på viss taxien vert forseinka.
  • Det er slik at taxi-rutene kan ta med seg fleire ungdommar viss det er nokon som skal i same retning. Dvs. ein må rekne med nokre omvegar og ekstra stopp på vegen.

 

Det vil ta 1-2 veker frå du søkjer til du får svar!

 

Søknadsskjema finn du her:

 Søknad om taxi til/frå fritidsaktivitetar for ungdom 10-18 år i Voss herad hausten 2025

Eller skann QR-koden:

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 91 14 26 33