Vangsgryto

Ungdomsklubben Vangsgryto er ein kommunal ungdomsklubb for ungdomar i alderen 13-16 år. Klubben tilbyr ulike aktivitetar som biljard, diskotek, gamingrom og filmrom.
Gryto er ein trygg møteplass for ungdom med vaksne tilstades.

 

 Ungdomane har medverknad på innhaldet i klubben gjennom eit eige klubbstyre.

 

Klubben har ein liten kafè med mat til låge prisar.

Det er 2 faste klubbkveldar i veka, måndag og onsdag kl.18-21. Gratis inngang.

Klubben arrangerer også ulike aktivitetar gjennom året: konsertar, kurs, kreative verkstader, lan, temakveldar og uteaktivitetar.

I skuleferiane arrangerer me fellesaktivitetar som skidagar, badedisco, bowling, badedisco og klatring

Når det er fint vær flyttar me stundom klubben utandørs med grilling og uteleikar i parken.

Følg Vangsgryto:

Facebook


Instagram
Friskus 

Gryto held til i kjellaren i Sosialbygget, Miltzowsgate 2

Klubbreglar! Gryto skal vera kjekt og sosialt for alle! Alle skal føla seg velkomen! I Gryto er det ikkje lov til å bruka vald, mobba eller trua andre, ta med eller bruka rusmidler, gjera hærverk, dela bilete eller video av andre utan å spørra fyrst. Opplever du noko av dette ta kontakt med nokon av oss vaksne. Brot på reglane kan føra til utvisning og erstatningskrav. I Gryto er det bra å ta hensyn til kvarandre, ikkje banna eller snakka respektlaust til andre.   - Klikk for stort bilete

Kontakt

Kristine Akselberg
Leiar ungdomsavdelinga, kultur og fritid
E-post
Telefon 95 72 72 24