Utlån av idrettsanlegg/ gymsalar skuleåret 2025-2026

Voss herad har implementert  det digitale bookingsystem Book-up for utleige av gymsalar og idrettshallar gjeldande skuleåret 2025- 2026.

Treningstidene for våren 2026 er tildelte og oppdaterte i Book-up. Dersom du/de anten representerer frivillige lag og organisasjonar, venegjengar eller er ein komersiell aktør, oppmoder me om å opprette eigen brukar og logge inn i Book-up.  for å sjå kva og kor det er ledige treningstider.

Vel skulen/idrettshallen du ynskjer treningstid på, skriv tydeleg kven som skal leige til dømes; Eldar IL, skigruppa 8-12 år, og reserver tid. Det er viktig å merke seg at søknaden må behandlast av den einskilde skule der de ynskjer treningstid. Ta difor kontakt med skulen direkte der de ynskjer å vera dersom de har spørsmål knytt til den enkelte skule.

Utleige vilkår og reglement for rom og skular i Voss herad 2025- 2026
 

Spørsmål omkring systemet Book-up? 
Kontakt Nils Helge Fostervoll Kvamme: nils.f.kvamme@voss.herad.no

Vossabadet og Idrettshallen
For treningstider og arrangement i Vossabadet og Idrettshallen, sjå kalenderen deira og ta direkte kontakt på e-post;
Vossabadet; resepsjon@vossabadet.no 
Idrettshallen; tone@vossabadet.no 

Det vert gratis utleige av kommunale bygg og idrettsanlegg også våren 2026. 

Heradsstyre vedtok i sak 116/23 å vidareføre gratis leige av kommunale bygg og idrettsanlegg  for frivillige lag- og organisasjonar. Dette er retta mot dei som tilbyr fast organisert kvardagsaktivitet for barn og unge i aldersgruppa 0-19 år. Inntektsgivande arrangement, kurs, kampar, cupar, helgearrangement eller liknande kjem ikkje inn under ordninga, det same gjeld utleige til privatpersonar og kommersielle aktørar.  


Arrangement og leige av gymsalar på Voss vgs og Voss gymnas
For yttarlege leige i samband med treningstider våren 2026 og større arrangement, ta direkte kontakt med utleigar for tilgjengelegheit og leige. 

Voss gymnas

Voss vidaregåande 

For lån av sentralidrettsanlegget (grasbanane og friidrettsbana) ta kontakt med nils.f.kvamme@voss.herad.no
 

Overnatting
Dersom ein ynskjer å leige skular til overnatting, må ein ta direkte kontakt med den aktuelle skulen.

Instruks for overnatting i skular, barnehagar og andre formålsbygg i Voss herad. (PDF, 99 kB)

 

Kontakt

Nils Helge Kvamme
Rådgjevar
E-post
Telefon 45 27 02 61