Kraftfondet

Tildeling for 2025 er gjennomført. Utlysing av midlar for 2026 kjem i januar. 

Me oppmodar alle om å lesa planen «Strategisk næringsutvikling i Voss herad» (SNU Voss) då tiltak som er i tråd med denne og andre relevante planar i Voss herad vil bli prioritert.  
 

Søknadsskjema

Utlysinga for 2026 kjem i januar 2026. Det er ikkje mogleg å senda inn søknad før nytt søknadsskjema vert lagt ut. 

Kraftfondet har fylgjande føremål:

  1. Kraftfondet skal nyttast til næringsføremål i Voss herad. Tiltak som er i tråd med den til ei kvar tid gjeldande planen for næringsutvikling i Voss herad og andre relevante planar skal prioriterast.
     
  2. Kraftfondet skal også stimulera til næringsutvikling til det beste for husdyrbruket, der særleg sauehaldet er prioritert. Kraftfondet skal også stimulera til næringsutvikling til det beste for landbruket.
     
  3. Fondsmidlane kan ikkje nyttast til å dekka dagleg drift av kommunen. Unntak er renter og avdrag på investeringar som er gjort i samsvar med fondet sitt føremål og løn til næringssjef eller tilsvarande, for å forvalta fondet.
     
  4. Ein årleg sum vedteken av styret i Kraftfondet vert sett av til å sikra fleksibilitet gjennom året. Midlane skal forvaltast av næringssjefen og leiar i Kraftfondet dersom Kraftfondet/Utval for kultur og næring ikkje har oppsett møte i årshjulet. Dette gjeld saker som kjem inn under pkt.1 og 2 i vedtektene. Bruk av midlar etter dette punktet skal leggast fram snarast råd til Kraftfondet til orientering.

 

Kva kan du søka om støtte til? 

Kraftfondet kan gje støtte til å gjennomføra større eller mindre utviklingsprosjekt. Eit prosjekt er tidsavgrensa og er ikkje dagleg drift. Det har klart definerte mål, tydeleg organisering, plan for gjennomføring, finansiering og venta resultat. Prosjektet skal bidra til å nå måla og vera i tråd med føremålet for ordninga. Det skal vidare vera forankra hjå søkjar og samarbeidspartnarar i prosjektet sine planar/strategiar, og i relevante kommunale planar.


Vedtekter Kraftfondet i Voss herad

Les heile dokumentet her: Vedtekter Kraftfondet (PDF, 47 kB)
 

Strategisk Næringsplan og andre relevante planar

Med planen «Strategisk næringsutvikling i Voss herad» (SNU Voss) skal me jobba målretta med nærings- og samfunnsliv på Voss.  Andre relevante planar for næringsutvikling er eksempelvis Reiselivsstrategi for Voss, Vossaklima og Voss i vekst.