Søk om spreiing av gjødsel på innmarksbeite

Frå 1. februar 2025 er det i fylgje ny forskrift om gjødselbruk berre lov å spreia gjødsel på godkjend spreieareal. 

Du kan berre spreia gjødselvarer på fulldyrka og overflatedyrka mark, og på grøntareal. Du kan og spreia gjødsel på innmarksbeite, men då må du ha godkjenning frå kommunen. Det er nytt at godkjenning frå kommunen også gjeld mineralgjødsel.

Kommunen kan godkjenna gjødsling der det er ønskeleg, og avslå for areal der det ikkje er ønskt med gjødsling. Gjødsling av innmarksbeite er viktig for å sikra god beitevekst, men ein skal òg ta omsyn til vassmiljø og område med biologisk mangfald.

Husdyrgjødsel/biorest

Du kan ikkje spreia husdyrgjødsel på innmarksbeite før det føreligg eventuell godkjenning frå kommunen. For areal der du kan dokumentera tidlegare godkjenning, er det normalt ikkje behov for ny godkjenning. Ver likevel merksam på at du ikkje kan spreia gjødsel nærare enn 6 meter frå vassdrag, og berre på areal som framleis er innmarksbeite. Utrekna dekar spreieareal frå gamal godkjenning kan difor vera feil i dag.

Mineralgjødsel

Frå 2025 er det innført krav om godkjenning òg for bruk av mineralgjødsel på innmarksbeite. Dei tre første åra kan du likevel spreia mineralgjødsel på innmarksbeite som er oppført med mineralgjødsel i gjødslingsplan frå 2022 eller 2023. Frå 2028 kan du ikkje spreia noko mineralgjødsel på innmarksbeite før godkjenning.

Om du skal gjødsla i samband med opparbeiding av nytt innmarksbeite skal dette søkjast om for seg.

Søknaden finn du her: 

 

Nødvendig vedlegg: Kart der det aktuelle arealet er merka. Informasjon om kva gjødselslag du søker om å bruka på ulike areal må komma fram av kartet som du legg ved søknaden.
Gjødslingsplan: Planlagt bruk av husdyrgjødsel og mineralgjødsel på innmarksbeite må bli inkludert i gjødslingsplanen etter at areala er godkjent som spreieareal for gjødsel.


Søknad skal sendast til postmottak@voss.herad.no 

Søknadane vert handsama fortløpande.

 

Meir informasjon om nytt regelverk finn du her:

Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv - Lovdata
Nye krav til bruk av gjødsel | Statsforvaltaren i Vestland
Kor kan du spreie gjødsel - Landbruksdirektoratet