Oppretta produsentnummer

Produsentnummer koplar landbruksføretak til landbrukseigedom. Frå november 2023 er det Landbrukets dataflyt som oppretter produsentnummer. Du finn produsentnummeret ditt her

Når du skal driva landbruksdrift og søkja om tilskot i landbruket treng du eit landbruksføretak. Dette får du ved å registrera landbruksføretak i Einingsregisteret i Brønnøysund med organisasjonsnummer og bedriftsnummer. Dette vert kopla til landbrukseigedomen du driv i landbruksregisteret i Brønnøysund, eller du kan be heradet om å gjera det.

For å kunne levera dyr til slakteri eller produsera mjølk, tinga øyremerke til dyra med meir, må du også ha eit produsentnummer. 

Landbrukets Dataflyt får automatisk informasjon frå Landbruksregisteret når ein ny knyting mellom eit føretak og ein landbrukseigedom er gjennomført. Nytt produsentnummer vert normalt raskt tilgjengeleg hjå Landbrukets Dataflyt (oppgitt til å vere innan ein time). Du kan no finna produsentnummeret ditt her

Gamle produsentnummeret består av kommunenummer - gardsidnummer - løpenummer for føretaket ditt: 4621. Med  - xxx - xx. 

Nye produsentnumre vil beholde det samme formatet, altså ti sifre, men meningsinnholdet fjernes. Det nye produsentnummeret vil være et «dumt» løpenummer.  Det betyr at det ikke er mulig å lese kommunenr. og gardidnr. fra nummeret. Eksisterende produsentnumre vil beholdes som de er, men nye nummer vil ikke gi informasjon om kommune og gardidnr. En stor fordel med overgang til et «dumt» løpenummer er at kommunesammenslåinger, kommunegrenseendringer og sammenslåing og splitting av fylker ikke vil føre til endringer i produsentnummeret.

Les meir på Landbruksdirektoratet sine sider 

Les meir i Bondeboka om kva du treng å veta som ny bonde.