Tilskot til drenering av jordbruksjordDu kan få tilskot til drenering av tidlegare drenert jord med potensial for auka matproduksjon. Sist endra 09.01.2025 12.32 Kvifor drenere jordbruksjord?Drenering av jordbruksjord er avgjerande for eit godt agronomisk resultat og auke i matproduksjonen. Godt drenert jord vil også sleppa frå seg mindre lystgassar enn vassmetta jord og vil vere eit tiltak for redusert klimautslepp frå landbruket.Meir om drenering av jordbruksjordDerfor bør du drenera matjordaTilskotsstatsar for drenering av jordbruksjordKr. 61 per meterInntil kr. 4000,- per dekarSøknadDersom du eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan du søkja om tilskot til drenering. For planerte areal kan du søkja om tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.I søknaden skal duBeskriva dreneringarbeidetGjere greie for kva dreneringstiltak du planlegg å gjennomføra, inkludert plan for dreneringaSvara på spørsmål om kulturminner, naturmangfald og avrenningLeggje ved kart med grøfteskisseSøknadsfrist er 1.mai, men grunna få søknadar vert søknadar handsama fortløpande. Søknadsskjema ligg på altinn.Søk om tilskot til drenering av jordbruksjordLovverkForskrift om tilskot til drenering av jordbruksjordAnna regelverk og rundskrivPublikasjon om drenering og utslepp av klimagassar