Regionalt miljøprogram

Alle landbruksføretak med rett til produksjonstilskot kan søkja om regionalt miljøtilskot. Du kan søkja om regionalt miljøtilskot frå 20.august til og med søknadsfristen 15.oktober.

Kva er regionalt miljøprogram? 

Regionalt miljøprogram, inkludert dei regionale miljøtilskota vert forvalta av Fylkesmannen. Programet skal stimulera til å oppretthalda og utvikla eit ope og variert kulturlandskap. Særskilde verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast.

Regionalt miljøtilskot

Dei regionale miljøtilskota er ei årleg driftsstøtte til jordbruksføretak i drift som oppfyller visse vilkår. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. 

Omtale av regionale miljøtilskot for Vestland 

Søkja om regionalt miljøtilskot

Du kan søkje om regionalt miljøtilskot dersom

Du kan søkja om regionalt miljøtilskot frå 20. august til og med søknadsfristen 15. oktober. Beitelag har eigen søknadsfrist; 15. november.

Søk om regionalt miljøtilskot 

Kva skjer vidare? 

Det er kommunane som handsamar og godkjenner søknadane.
Utbetaling av tilskot skjer om lag i veke elleve året etter.

Lovar og reglar

Regelverk for Vestland fylke
Informasjon om RMP