Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Dersom du driv landbruksproduksjon med rett til produksjonstilskot, eller er eigar av landbrukseigedom der det skjer drift som har rett til tilskot, kan du søkja om SMIL-midlar. 

Kva er smil?

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket skal nyttast til å gjera miljøtiltak utover det ein kan forventa av vanleg jordbruksdrift. Formålet er å fremja ivaretakinga av naturen og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, gjennomføra klimatilak og å redusera ureining frå jordbruket.

Søknadskjema

Søknadskjema og informasjon om tilskotsordninga finn du her:

Søk om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Søknadsfrist for Voss herad er 1. april. 

Dersom det er midlar til overs vert det ny søknadsrunde 1. september.

Her finn du lokal tiltaksstrategi: Kommunal strategi for tilskotsordningane  Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og Tiltak i beiteområde (PDF, 2 MB)

Søknaden bør innehalde:

  • Oversiktskart
  • Detaljkart
  • Bilete/teikningar
  • For bygningar: kostnadsoverslag frå bygningskyndig, omtale av noverande og framtidig bruk, samt eventuell omtale av verneverdi
  • Skriftleg avtale med grunneigar (gjeld søkjarar som ikkje er eigar av landbrukseigedom)
  • Budsjett for tiltaket

Lovar og reglar

Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket - Lovdata
Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket – kommentarer til regelverk - Landbruksdirektoratet