Tilskot til miljøtiltak i skog

Ordninga gjeld tilskot til tiltak som ivaretek og utviklar miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminner i skog.  

Det er sett av kr 5,5 mill nasjonalt som skogeigar kan søkja på gjennom digitalt frå eigen skogfondskonto eller på papir.

Det kan gjevast tilskot til:

  • Dekking av meirkostnader eller tap ved å gjennomføra skjøtselstiltak for å ivareta og utvikla miljøverdiar. ( inntil 70 % tilskot av medgåtte kostnader )
  • Dekking av tap ved å ta vare på spesielle miljøverdiar ( nøkkelbiotoper ) i eit langsiktig perspektiv som inneber at skogeigar avstår frå hogst eller legg om drifta. ( inntil 30 % tilskot, minus eigenandel )
  • Dekking av meirkostnader ved skogsdrift for å unngå vegbygging som reduserer «villmarksprega områder«

Ordninga vert forvalta gjennom kommunen, det er ikkje søknadsfrist og søknader vert handsama fortløpande.

Meir informasjon om ordninga.

Kontakt

Næring
E-post
Telefon 56 51 94 00