Leige av torgplass Ting torgplass ved å sende oss ein e-post der du skriv Kontaktinformasjon til kontaktperson Ynskja leigeperiode: Torgplass kan bestillast for maksimalt fire månadar om gongen Ynskja størrelse på torgplass: Liten plass: inntil 5 meter Stor plass: over 5 meter Om du ynskjer plass med eller utan straumtilkopling Kva du ynskjer å selja På torget kan du selja Tradisjonelle torgvarer Lokalprodusert mat og produkt Produkt med lokal tilknytning Sesongprodukt Anna handel kan vurderast Prisar Liten plass: under 5 meter Stor plass: over 5 meter Prisar - Torgleige Tid Liten plass Stor plass Tillegg for straum Per månad 1100 kr 1265 kr 400 kr Per veke (måndag-laurdag) 700 kr 960 kr 145 kr Per dag, måndag-torsdag 215 kr 320 kr 35 kr Per dag fredag-laurdag 215 kr 420 kr 35 kr Torgleige dekker leige av tilvist areal og rett til uttak av vatn. Kostnad vert fakturert. Praktisk informasjon om torgplass Torgplass kan berre nyttast på kvardagar, og seinast til kl. 2200 i sommarhalvåret. Mobil salsvogn kan stå på tildelt torgplass 24 timar i døgnet i leigeperioden. Er det planlagt stengt meir enn ein kvardag eller på laurdag må ein likevel flytte vogna. Tilsendt leigebevis skal liggja synleg på tildelt plass Torghandlarane må halde seg innanfor tildelt areal skissert i leigebeviset: Torgplassane er oppmerkte med små, raude knottar. Det er 5 meter mellom kvart merke. Nøkkel til straumskåp kvitterar du ut og inn i servicetorget Retningslinjer for leige av torgplass (PDF, 63 kB) Sist endra 10.08.2022 10.53