Alternative skjenkeløyve
- Fast løyve (du må ha serveringsløyve i tillegg)
- Einskildløyve - ope arrangement
- Ambulerande løyve - lukka arrangement
Vilkår for skjenkeløyve
For kvart skjenkeløyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må :
- ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova
- vera over 20 år
- arbeida i den aktuelle verksemda
- elles oppfylla krava til vandel i alkohollova og serveringslova
Dagleg leiar/styrar ved stader som har eller skal søkja om skjenke- og serveringsløyve, må ha avlagt og bestått etablererprøva.
Slik søkjer du
Salsløyve - sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1
Serverings- og/eller skjenkeløyve
Skjenkeløyve - einskildhøve
Omsetningsoppgåve alkohol sals- og skjenkeløyve
Vergeskjema Voss herad.pdf (PDF, 149 kB)
Desse vedlegga må fylgja søknaden :
- Firmaattest
- Skatteattest for driftsselskapet
- Adkomstdokument (leigekontrakt e.a. som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om)
- Teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert
- Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna
- Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova
- Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablererprøva
- Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknytning til serveringsstaden
Søknadsfristar
Einskildløyve og ambulerande løyve: 3 veker
Faste nye løyver: 4 månader
Prisar
Einskildløyve-ambulerande løyve kr 350,-
Alle som har eit sals- og/eller skjenkeløyve må betala eit årleg gebyr til kommunen, jf. alkohollova § 7-1.
Prisen/gebyret for sals- og skjenkeløyvet blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk.
Minstegebyret for skjenkebevilling er kr 5800,- pr år
Minstegebyret for sals bevilling er kr 1850,- pr år
Klage
Alkoholloven §1-16
Klage og søksmål om gyldighet av vedtak i klagesak. Kommunens enkeltvedtak etter § 1-8 og kap. 3, 4 og 7 kan påklages til fylkesmannen. Fylkesmannen kan prøve om vedtaket er innholdsmessig lovlig, er truffet av rette organ og om det er blitt til på lovlig måte.
Lovverk
Alkoholloven
Serveringsloven
Rusmiddelpolitisk handlingsplan Voss herad (PDF, 2 MB)