Freda kulturmiljø

Sakshandsaming for kulturmiljø som er vedtaksfreda eller automatisk freda  

At eit kulturminne er freda betyr at alle endringar som går utover vanlig vedlikehald, må godkjennast av rette myndigheit etter kulturminnelova. Avgjersler i slike saker er delegert til fylkeskommunen. Eigar kan søkje om dispensasjon frå fredinga, og myndigheitene vil vurdera om tiltaket vil vera i samsvar med fredinga sitt føremål. Det må også søkjast om løyve til gjennomføring av alle tiltak som på ein eller annan måte kan virke inn på eller forandre kulturminnet.  

Det er forbod mot å «sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje», jf. kulturminnelova § 3.   

Tiltakshavar har stanse- og meldeplikt dersom det viser seg at eit arbeid som er sett i gang kan påverka eit freda kulturminne, jf. kulturminnelova § 8. Alle automatisk freda kulturminne har ei sikringssone på minimum 5 meter i alle retningar rundt objektet jf. § 6.