Automatisk freding
Alle kulturminne som er eldre enn 1537 er automatisk freda.
Ståande byggverk frå perioden 1537–1649 likeins.
Vedtaksfreda etter kulturminnelova
Fredinga er gjort som einskildvedtak av Riksantikvaren
Forskriftsfreding
Kulturmiljø som er freda etter forskrift og ikkje einskildvedtak.
Inngår i kulturmiljø
Bygget vert freda fordi det inngår i eit større freda kulturmiljø.
Verdsarv. Kulturmiljø og landskap av verdsomspennande verdi.
Vern skjer i hovudsak gjennom å etablera omsynssoner i planar etter Plan og bygningsloven.
I Kulturmiljøplanen har alle kulturminna har fått omsynssone.
Kommuneplanens arealdel regulerer omsynssoner.
Sentrumsplanen er ein områdereguleringsplan med omsynssoner
Reguleringsplanar har ofte omsynssoner
Verneverdig er eit omgrep som ikkje har eit formelt innhald. Dersom kulturminnet ikkje er freda eller verna etter plan og bygningsloven, kan det likevel verta vurdert som verneverdig. I slike tilfelle er vernemyndigheitene avhengig av tett dialog og samarbeid med eigaren for å sikra kulturminnet.