Utslepp og avløpsanleggEigar pliktar å søkja om løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande, med utslepp mindre enn 50 pe (personekvivalentar). For tiltak som berre slepp ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom det er innlagt vatn.Med avløpsvatn vert det meint avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avløpsvatn).Med innlagt vatn vert det meint vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som vert ført inn gjennom leidning.Med gråvatn vert det meint avløp frå kjøkken, bad og vaskerom. Avlaup frå vassklosett vert kalla svartvatn. Alle typar klosett som nyttar vatn, vert rekna som svartvatn, inkludert vakuumtoalett. Dersom du ynskjer å etablera ny bustad eller hytte i eit område der det ikkje finst offentleg avløpsleidning, må du søkja byggesaksavdelinga om utsleppsløyve. Dette er heimla i Forurensingsforskriften kapittel 12.Dette gjeld og om du ynskjer å auka eksisterande utslepp vesentleg. Som vesentleg auke reknar me mellom anna innleggjing av vatn og installering av vassklosett.Det må i tillegg søkjast om løyve til etablering av avløpsanlegget etter plan- og bygningslova § 20-1, det vert sett krav om at eit godkjent føretak har ansvar for denne søknadsprosessen.Ingen kan setja i verk nye utslepp eller auka utslepp vesentleg utan løyve frå kommunen.Søknadsskjema utsleppsløyveMålgruppePersonar som skal etablera ny bustad eller hytte i eit område der det ikkje er offentleg avløpsleidning, og for personar der det er ynskjeleg å etablera utslepp frå eksisterande bustad eller hytte.VilkårUtsleppet er mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Standardvilkåra går elles fram av Forurensingsforskriften kapittel 12. Vilkår kan og gå fram av løyvet. Eigar av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.Kommunen kan kontrollera at anlegget er lokalisert, bygd og igangsett i samsvar med vilkår som går fram av løyvet. Sist endra 03.01.2025 14.46