Fasadeendring

Nokre fasadeenringar treng du ikkje søkja om. Er du i tvil, ta kontakt med kommunen.

Som regel treng du ikkje søkje om følgjande

  • Utskifting av vindauge/dører med nye av tilsvarande utforming
  • Oppussing/Vedlikehald
  • Innsetjing/fjerning av mindre kjellarvindauge
  • Innsetjing/fjerning av lufteventilar

Utover dette må det vurderast i kvart enkelt tilfelle om fasadeendringa er søknadspliktig eller ikkje. Dersom du er i tvil, ta kontakt med kommunen. Det er betre å sjekka, enn å risikera at du fører opp noko som ikkje kan godkjennast.

Du er sjølv ansvarleg for at bygningen vert utforma i tråd med regelverket.

Følgjande krev søknad frå kvalifisert føretak

Skal du gjera ei meir omfattande fasadeendring enn det som vert nemnt ovanfor så må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/veiledning :

Du kan bestille tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.