StøttemurMurar er i utgangspunktet søknadspliktig, men fylgjande kan du byggja utan søknad:Støttemur med høgd inntil 1 m og avstand minst 1 m frå nabogrenseStøttemur med høgd inntil 1,5 m og avstand minst 4 m frå nabogrenseStøttemur mot veg med høgd inntil 0,5 mDu er sjølv ansvarleg for at tiltaket fylgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova. Fylgjande krev søknad frå kvalifisert føretakKjem ikkje støttemuren din inn under nokre av alternativa ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen. Meir detaljar om kva type mur du kan byggja sjølv finn du i byggesaksforskrifta § 4-1. Sikring og estetikkDet kan være nødvendig å montera sikringstiltak som gjerde eller annan innretning på topp av forstøtningsmur for å hindra fallulukker, jf. byggteknisk forskrift § 10-1.I utforminga og plasseringa skal det takast estetiske omsyn slik at muren i tillegg til å vera funksjonell og trygg også gjev eit tiltalande preg på eigedomen jf. plan- og bygningslova §§ 29-1 og 29-2. Bygging av støttemur over kablarDersom forstøtningsmuren skal byggjast over leidningar, må det innhentast løyve frå eigar av anlegget. Der kommunen eig leidningane, som til døme vass- og kloakkledningar i veg, kontaktar ein driftsavdelinga. Sist endra 15.05.2024 15.24