Garasje

Garasjar opp til 50 m2 bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA), og som har maks mønehøgd 4,0 meter og gesimshøgd 3,0 meter (til ferdig planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen) kan vera unntatt søknad.

For nærare detaljar syner me til byggesaksforskrifta (SAK 10) § 4-1, og spesielt til Direktoratet for byggkvalitet sin informasjon om garasjar, boder og uthus og deira interaktive rettleiar. Sjølv om du ikkje må søkja kommunen, er du likevel ansvarleg for at bygningen vert utforma i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad.

 

Fylgjande kan du søkja om sjølv:

Dersom du kan sei ja til alle disse punkta, så kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkje kommunen sjølv, jf. byggesaksforskrifta § 3-1:

  • Éin enkelt frittliggjande bygning
  • Eigendommen er bebygd frå før
  • Garasjen skal ikkje nyttast til varig opphald
  • Garasjen er i éin etasje, eventuelt også underbygd med kjellar
  • Bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 m2
  • Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket fylgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

 

Fylgjande krev kvalifisert føretak:

Må du sei nei på nokre av punkta over må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

 

Generelt om utforming av garasjar:

Ved bygging av garasje på bustadeigedom må utforminga harmonere med bustadhuset. Det bør brukast same kledning, taktekking, beslag m.m., og takvinkelen bør ikkje vera brattare enn på bustadhuset. Det er også nokre branntekniske krav til garasjar når dei er større enn 50 m2 og vert plassert med liten avstand til  andre bygg.

 

Arealplan – kva for vilkår gjeld på min eigedom?

Det vil vera avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggja. Dette kan gjelda byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgd, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart og føresegner via planarkivet eller ved å ta kontakt med byggesak.
Dersom du skal byggja utover det arealplanane seier, må du søkja om dispensasjon.


Plassering av garasjen:

Frittliggjande garasje under 50 m2 i éin etasje vert normalt godkjent inntil 1 meter frå nabogrensa, så framt reguleringsplan eller byggegrenser mot kommunale leidningar, veg, jernbane eller høgspent ikkje seier noko anna.
Garasjar over 50 m2 eller garasjar samanbygd med bustad skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Kommunen kan godkjenna nærare plassering enn 4 meter dersom det ligg føre nabosamtykke for plasseringa, eller ved dispensasjon, jf. plan- og bygningsloven § 29-4.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/rettleiing :

Du kan bestilla tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.