Mikrohus

Eit mikrohus er ein frittliggjande bustadbygning på inntil 30 m2 BRA med ein bueining. Mikrohuset kan kun ha ein etasje utan kjellar og må ikkje på noko punkt overstiga ein høgde på 4,5 meter over bakken. 

Det er ikkje krav om å nytta eit ansvarleg føretak ved oppføring av mikrohus til bustadføremål jf SAK10 § 3-1 bokstav e). Dette forutset at mikrohuset vert plassert på bebygd eigedom og tiltakshavar må ha oversikt over dei tekniske krava (TEK17) som gjeld for mikrohus. Mikrohuset må oppfylla dei grunnleggjande krava til tryggleik i byggteknisk forskrift, til dømes konstruksjonstryggleik, branntryggleik og evna til å tola naturpåkjenningar.

Krava i plan- og bygningslova gjeld framleis. Kommunale arealplanar sett avgrensingar for kvar mikrohus kan verta plassert.

Direktoratet for byggkvalitet har laga ein vegvisar som ein kan nytta for å finna ut kva reglar som gjeld for mikrohus: Mikrohus som helårsbolig - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no).

I tillegg kan ein lesa meir her: Regler for mikrohus til boligformål - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)