Platting og terrasse

Følgjande kan du gjera utan søknad

  • Terrasse som er lågare enn 0,5 meter over terreng og under 50 m2. Terrassen kan vera samanbygd eller frittliggjande.
     
  • Terrasse, altan eller balkong (tilbygg) med BYA under 15 m2 kan vere unntatt søknad.

For nærmare detaljer syner vi til byggesaksforskrifta (SAK 10) § 4-1, og spesielt til Direktoratet sine sin informasjon om garasjer, boder og uthus og deira interaktive veileder.

Sjølv om du ikkje må søkja kommunen, er du likevel ansvarleg for at bygningen utformast i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad.

Følgjande kan du søkja om sjølv

  • Dersom terrassen er 0,5 meter over terreng og samanbygd med huset, kan bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA) vera maksimalt 50 m2
     
  • Dersom tiltaket er 0,5 meter over terreng og frittliggjande, kan bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA) vera maksimalt 70 m2

Følgjande krev søknad frå kvalifisert føretak

Må du sei nei på nokre av punkta ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen. Meir detaljer om kva type tilbygg du kan byggja sjølv finn du i byggesaksforskrifta § 3-1.

Generelt om tilpassing

Ved planlegging av terrasse er tilpassing til eksisterande bygning viktig. Bruk gjerne ein person med arkitektfagleg kompetanse som kan gi råd og som eventuelt kan teikna denne konstruksjonen for deg.
Terrasse på terreng må utformast slik at ein unngår store terrengendringar.
Set deg inn i naboen sin situasjon og unngå plassering som verkar sjenerande for nabo, til dømes  sjenerande innsyn.

Arealplan - kva avgrensingar gjeld på min eigedom?

Det vil vera avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggja. Dette kan vera byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgd, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via vossakart eller frå byggesaksavdelinga.
Dersom du skal byggja utover det arealplanane seier, må du søkja om dispensasjon.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/veiledning :

Du kan bestille tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.