Riva eit bygg

I utgangspunktet er det slik at byggverk du må søkja om å byggja, det må du også søkja om for å få riva. Same prinsippet gjeld for om du kan søkja kommunen sjølv eller må få ansvarleg føretak til å gjera jobben.

Skal du til dømes riva ein garasje på over 70 m2, så krevst det ansvarleg føretak for å søkja om bygging og då krevst det også ansvarleg føretak for å riva.

Fylgjande små tiltak treng du ikkje søkja om

Skal du riva eit lite tiltak, som til dømes eit uthus på mindre enn 50 m2, så kan det vera at du ikkje treng å søkja kommunen. Sjekk om tiltaket ditt er nemnt i byggesaksforskrifta § 4-1. Finn du tiltaket ditt i denne lista,  treng du ikkje søkja kommunen om å riva det.

Fylgjande mindre tiltak kan du søkja om sjølv

Skal du riva eit litt større tiltak må du søkja kommunen. Sjekk om tiltaket ditt står i byggesaksforskrifta § 3-1. Finn du tiltaket ditt i denne lista, så kan du søkja kommunen om riving sjølv.

Større tiltak krev kvalifisert føretak

Skal du riva eit bygg som er større enn det som er nemnt ovanfor, så må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/rettleiing :

Du kan bestilla tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.