SeksjoneringSeksjonering er oppdeling av bygningar i eigarseksjonar. Ein eigarseksjon er ein sameigeandel i eigedom som er bygd på, med tilknytt einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.Til dømes oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med ulike brukarar av etasjane og liknande.Seksjonering og deling av eigedomenDersom eigedomen kan delast kan det vera fordelaktig å dela i eigne gnr./bnr framfor å seksjonera. Slik unngår du ein del ulemper og problem ved seinere utbygging og disponering av eigedomen.Du må då søkja om å dela eigedomen i staden.Seksjonering av søknadspliktige byggetiltakDu må og søkja om godkjenning av byggesaka dersom seksjoneringa føreset søknadspliktig byggearbeid på bygget/tomta.Korleis søkjer eg om seksjoneringDu kan ikkje få generell rettleiing/rådgjeving av kommunen. Vi rår til at du tek kontakt med advokat eller eigedomsmeklar for utabeiding av søknad og vedtekter.Søknadsskjema: seksjoneringSend søknadskjema til kommunen, med følgjande vedlegg:Situasjonsplan (kartutsnitt som viser eigedomsgrenser og bygg på eigedomen)PlanteikningarVedtekterSakshandsamingstidKommunen skal handsama seksjoneringssøknaden og registrera seksjonane i matrikkelen innan 12 veker etter at komplett søknad er motteken, jf eigarseksjonslova § 14. Sist endra 12.07.2024 09.10