Tilbygg

Tilbygg er å byggja på sida av eksisterande bygg, til dømes å utvida stova di. Ynskjer du i staden å byggja oppå eksisterande bygg, må du søkja om eit påbygg.

Fylgjande kan du byggja utan å søkja

Tilbygg som ikkje inneheld rom til varig opphald eller busetnad (bod, terrasse, altan osv), med samla BRA og BYA på maks 15 m2 kan vera unntatt søknad. For nærare detaljar syner me til byggesaksforskrifta (SAK 10) § 4-1, og spesielt til Direktoratet for byggkvalitet sin informasjon om tilbygg og deira interaktive rettleiar.

Sjølv om du ikkje må søkja kommunen, er du likevel ansvarleg for at tilbygget vert utforma i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad.

Fylgjande kan du stå ansvarleg for sjølv

Dersom du kan sei ja til alle desse punkta, kan du i utgangspunktet stå ansvarleg for tiltaket og søkja om sjølv:

  • Eit enkelt tilbygg
  • Bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 m2.

Fylgjande krev kvalifisert føretak

Må du sei nei på nokre av punkta ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen. Meir detaljar om kva type tilbygg du kan byggja sjølv finn du i byggesaksforskrifta § 3-1.

Nokre råd om prosjektering av tilbygg

Huset og nærområdet si historie

Hugs at ditt hus har ei historie; det av­speiglar den tida huset stammar frå, og området sin økonomiske og sosiale status. Nærområdet si historie er ein kvalitet i seg sjølv, og omsynet til den eldre bygningsmassen sin arkitektur og stil skal derfor takast omsyn til når ein endrar eller utvidar bygga.

Estetikk

Tilbygg bør anten tilpassast slik at det vert opp­fatta som ei vidareføring av det eksisterande, eller utformast slik at det framstår med eit heilt nytt arkitektonisk uttrykk.
Dersom huset sin opprinnelege arkitektur allereie er endra, kan tilbakeføring til opprinneleg uttrykk vera ei spanande utfordring.
Som hovudregel skal huset si opprinnelege form koma klart fram etter tilbygging.
Material- og fargeval tilpassast dominerande materialar (panel, listverk, vindaugsform o.l.) og fargar på eksisterande bygg.

Arealplan – kva for avgrensingar gjeld på min eigedom?

Det vil vera avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggja. Dette vil typisk vera byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgd, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga.
Du får reguleringskart og føresegner via planarkivet eller ved å ta kontakt med byggesak.
Dersom du skal byggja utover det arealplanane seier, må du søkja om dispensasjon.

Plassering av tilbygget

Er det byggegrenser på reguleringsplanen skal bygningen ligga innanfor denne. Dersom det ikkje er byggegrenser på kartet skal bygningen i utgangspunktet plasserast 4 meter frå nabogrense, jf. plan- og bygningslova § 29-4.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/rettleiing :

Du kan bestilla tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.