VåtromFylgjande kan du gjera utan søknadOmbygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseiningBygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseiningBygging av våtrom i nytt tilbygg der verken samla bruksareal eller bebygd areal for tilbygget er over 50 m2, og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig brukseiningOmbygging og nybygging av fleire våtrom i ulike brukseiningar (til dømes i blokker) så lenge arbeidet ikkje rører brannskilje mellom brukseininganeFylgjande krev kvalifisert føretakArbeidet bryt skilje mot anna brukseining (brannskilje, lydskilje)Bygging av våtrom i nybygg fylgjer søknadsplikta for nybygg og inngår i søknadsplikta med krav om ansvarlege føretak for nybyggetVåtrom i nytt tilbygg over 50 m2 fylgjer også søknadsplikta med krav til ansvarlege føretak. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld sjølvbyggjarreglane Sist endra 16.05.2024 09.07