For at heradet skal handsama søknaden din må ein betala eit gebyr. Storleiken på gebyret er avhengig av kva ein søkjer om. Prisen framkjem av gebyrforskrifta (tidlegare kalla gebyrregulativ).
Prisliste finn ein nedafor ved å trykka på aktuell lenke. Kva prisliste som gjeld for din søknad er avhengig av når heradet mottok din komplette søknad, når sakshandsamingsfristen utløp og når saka blei handsama.
Gebyrforskrift for 2025 (PDF, 403 kB) (dagens forskrift) gjeld søknader som var komplette frå og med 01.01.2025, eller som var komplette i 2024, men vert handsama i 2025 innan sakhandsamingsfristen.
Gebyrregulativ for 2024 (PDF, 244 kB) gjeld for søknadar som vart komplette i 2024, og kor sakhandsamingsfristen utløp før 01.01.2025.
Frikjøp av parkering
Nokre reguleringsplanar opnar for at ein kan frikjøpa seg frå angjeve parkeringskrav. Det vil sei at utbyggjar kan inngå ein avtale med heradet som fritek dei frå å opparbeida parkeringsplassar mot å betala eit gitt beløp for kvar plass som vert frikjøpt. Frikjøpsbeløpet vert fastsett av heradet. I dag ligg dette beløpet på 130.000 kr per parkeringsplass.