Høyring av søknad om løyve til uttak av grunnvatn i Myrkdalen
NVE har fått ein søknad frå Voss herad om løyve etter vassressurslova til å ta ut grunnvatn frå elveavsetningar langs Myrkdalelvi ved Kvitagrov. Vassførekomsten skal fungere som vasskjelde i Myrkdalen, og vil dekke eksisterande vassbehov og tar høgde for framtidig utvikling i området. Voss herad søker om løyve til uttak av maksimum 35 l/s, men det forventa uttaket vil vere om lag 10 l/s.
Sist endra 07.01.2026 12.43
Myrkdalselvi er del av Vossovassdraget som er verna og satt som typevassdrag i regionen. Søknaden med vedlegg er lagt ut på NVE si nettside: www.nve.no/9568/V.
Alle som har meiningar om saka kan uttale seg. Fråsegn kan sendast oss elektronisk via nettsida, per e-post til nve@nve.no eller per post til NVE, Energi- og konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Merk brev eller e-post med «Høyringsfråsegn 202512781». Frist for å sende fråsegn er 19.02.2026